Yoga for stive menn
Er menn meir stive enn kvinner? I utgangspunktet ikkje, men mange kvinner har i større grad enn menn vore flinkare å tøye. Å vere stiv, ha såre musklar og muskeltraumer er like vanleg hjå både kvinner og menn, forskjellen er kva ein har gjort for å kjenne seg betre.
Det er heller ikkje til å kome bort i frå at ein stiv kropp kan hindre ein frå å ta del i aktivitetar som er fint å delta i. Ein stiv og lite smidig rygg er meir utsett for skader. Det same med stive skuldrer og knær. Du treng ikkje vere stiv for vere med på denne typen yoga, men lista er lagt lågt slik at du skal oppleve å meistre.
I yogaverden blir det sagt at ein stiv og lite fleksibel kropp, kan føre til eit stivt og lite fleksibelt sinn. Å lære seg å slappe av, finne ro og konsentrasjon er noko av konseptet i kundalini yoga. Meditasjonane og effekten av å frigjere energi kan gi deg eit anna syn på både deg sjølv og livet du lever.
I Norge har yoga blitt ei damegreie, det er utruleg synd. Alle store og kunnskapsrike yogiar har vore menn, opp igjennom historia er det menn som har utvikla og vidareført teknologien. Kundalini yogaen vart konstruert for å treffe alle. Frå dei sjukaste sjuke, til dei sprekaste soldatane i ein tropp, men i hovudsak retta inn mot «husbruk».
Yoga for stive menn vil vere ei 60 minutters økt. Du vil gjennomgå ulike øvelsar som varer mellom 1 -3 minutt. Heile yogasettet vil vare mellom 25 og 35 minutt. Det vert ei god avspenning på 11 minutt, der du ligg i ro på matta og blir guida gjennom kroppen din. Resten av tida vil du lære meditasjon og mindfulness.
Kvifor er det viktig å lære meditasjon og mindfulnes, rett og slett for å finne ro. Du vil lære å fokusere på pusten, slik at du i alle høver kan ta fram teknikkar som roer sinnet, aukar kreativiteten og gir ny energi.
Denne typen yoga passar også godt for å restituere deg sjølv mellom harde treningsøkter.