Yoga for par

Å trene saman med partneren din vil vere til stor nytte for begge, både fysisk og mentalt.

Ein kan oppleve å bli kjent på ein ny måte. Ein lære å samarbeide og støtte kvarandre. Å trene saman med partneren din gjev dei samme fordelane som om du skulle trene åleine, men det du får i tillegg er likevel unikt.

Det gjev mange fysiske fordelar då det hjelpe til med å forebygge hjarte-og kar sjukdomar, fleksibilitet, styrke og uthaldenheit.

De vil lære ulike yogaposisjonar der de må støtte kvarandre. De må vere to for å kome i rett posisjon. Som par vil det hjelpe dykk å utfylle kvarandre. Ein må stole på at den andre vil gjere sitt for å støtte kvarandre. På slutten av øvelsen vil de oppnå samme mål.

Øvelsane er enkle, de vil kanskje oppleve dei som banale, men effekten vil vere der uansett om du trur på at dei virke eller ei.

Eg vil gjere merksam på at det ikkje er noko seksuelt eller tantrisk med desse øvelsane. Har du googla vil de nok kome mange misvisande bileter.

Likevel vil de kunne kjenne på ein større nærleik. 

Er de ein vennegjeng som har lyst å gjere noko heilt anleis i saman, kan de bestille meg til instruktør. Dei same teknikkane kan nyttast mellom vener også, men organiseringa av timen vert anleis. 

Er de eit enkelt par åleine er det også mogleg å få einetime.