STRESS
Skal ein oppleve ein mindre stressete kvardag må ein setje av tid!
Pauser
Ein må ta seg tid til pauser. Og helst ei pause der ein ikkje sit med mobilen i neven. Dette kurset er for deg som ynskjer å finne litt meir glede, fred og avslapping. Denne fyrste gongen med yoga og meditasjon vil du få oppleve mange svært effektfulle øvelsar du kan gjere heime.Du kan sjølvsagt finne deg ein plass på jobben og gjere desse øvelsane, då er du heldig. I hovudsak vil kveldens stressmestring påverke adrenalinnivået i kroppen din. Neste gong blir det mindre yogasett på ca. 30 minutt som du lett kan gjere på jobben eller heime.
Minikurs i stressmestring
På minikurset om stressmeistring vil du få lære korleis du kan kontrollere og styre pusten din. I kundalini yoga har vi fokus på å knytte sinnet og kroppen i saman. Øvelsane gjer deg sterk, både mentalt og fysisk. Dei vil generere energi og hjelpe deg å slappe av.
Å lære seg å takle ein stressa kropp og eit uroleg sinn, krev at ein jobbar jevnt. Det er ingen ting som heiter quick fix, når ein har eit overbelasta og stressa nervesystem. Ein må jobbe jevnt og trutt. Du treng ikkje nødvendigvis gjere alt du lære hjå meg på ein gong. Du vil merke stor effekt etter berre ei lita stund med pusteøvelsar.
Nokon trur at yoga berre består av kompliserte eller nesten umoglege øvelsar. Sjølv små repetetive øvelsar kan ha stor effekt. Yoga vil ikkje berre få påverke kroppen din, musklane og dei indre organa, det vil påverke det viktigaste du har utanom hjartet, hjerna di.
Fleksibilitet
Folk trur at det kun er kompliserte og fysisk fysisk krevande og harde øvelsar som gir ein fleksibel og sterk kropp. Mange som driv med yoga har nettopp ikkje særleg mjuke kroppar, men tar yogaøvelsar for å halde ved like ein ellers så stiv kropp som ville vore svært stiv utan denne treninga. For utan å få ein meir fleksibel kropp, vil yoga gi deg eit meir fleksibelt sinn.
Yoga påvirker ikkje berre muskulatur og indre organer, men også utstrålinga di. Stress virkar også på utsjånaden din, ansiktsutrykket, kroppsholdninga di og væremåten din.
Oppdatert softwear
Utstrålinga di blir svært påverka av stress, og hjerna vil ikkje fungere optimalt når du er påverka av stress. Gjennom desse enkle øvelsane fornyer du eller oppdaterer du «softwear programmet» i hjerna di. Øvelsane vil balansere kroppen din sitt utrulege system, den set i sving moglegheit for god helse, vitalitet og avspenning.
Ei vurderande hjerne
Hjerna di vil gi deg motstand, og diskutere om dette er rart, for enkelt, for spesielt eller sært. Prøv å konsentrer deg om pusten og sjølve øvelsane og dermed vil hjerna etter kvart skjønne kommandoen om å utføre øvelsane framfor å vurdere fram og tilbake.
God psykisk helse
Du må søke innover i deg sjølv for å få maksimal effekt av øvelsane. Sinnet ditt vil finne ro. Det er derfor du har meldt deg på dette kurset. Det lengtar etter å stoppe ubehaget som herjar i kroppen din. Å få kontroll på dei springande og forstyrrande tankane og heller søke mot å gjere noko som er godt for deg sjølv og nervesystemet ditt, vil gje deg glede og god psykisk helse.Sinnet ditt vil vere fornøgd med at du utfører noko som er heilt nytt, noko du ikkje hadde trudd du skulle gjere. Du vil oppdage at du kan oppnå så mykje meir enn du hadde tenkt du kunne gjere.
Motstand
Eg sjølv kjende ein del motstand mot chantinga. Det er eitt eller nokre få ord som vert repetert om igjen og om igjen. Etter kvart som eg berre slappa av kunne eg merke at chantinga gav stor effekt framfor å berre sitte heilt still og meditere. Idag kan eg sitte heilt i ro og meditere, men idag veit eg at det handlar om så mykje meir enn å berre sitte stille.
Yogi BhajanØvelsane er øverført til vesten av yogi Bhajan. Han kom til vesten i 1968, og tok med tusenvis av Kriya ( øvelsar ) og meditasjonar. Øvelsane vil vare berre 3 minutt, det er minimumstida for ein øvelse for å ha full effekt. Samstundes er det tida som må til få å få maksimum effekt.
Tilbakeblikk
Ta eit lite tilbakeblikk på kva du har gjort for å redusere stress. Kva har vore suksess og kva har vore ein bommert? Ved å sitte her på dette kurset har du tatt grep om din eigen situasjon. Er du enig i at du sjølv er mykje ansvarleg for din eigen situasjon? Det er dine valg som har ført deg dit du er no, dermed kan dine valg også vere med på å endre korleis du kjenner deg.
Repetisjon
Effekten av øvelsane vil gi best effekt ved repetisjon. Kroppen og hjerna treng 40 dagar for å endre ein vane og auke kapasiteten for endring. Det tar 90 dagar å lære den nye vanen og etter 120 dagar er din nye livsstil blitt til ein vane. Etter 1000 dagar har vanen endeleg blitt ein heilt vanleg del av livet ditt.
Ynskjer du å gjere store endringar i korleis sinnet og kroppen din taklar stress kan du gjere ein type meditasjon, eller eit kriya i 40 dagar, og vil kunne ha stor effekt på stressnivået dit.
Binyrene
Binyrene er to ørsmå kjertler som ligg rett over over nyrene og veg berr litt under fem gram kvar når dei er friske. Dei produserer adrenalin og kortisol, det er stress- hormon som vert frigjort i kamp- eller fluktsituasjonar. I tusenvis av år har desse hormonene hjelpt menneske med å hente fram eit ekstra energiløft for å kunne flykte frå rovdyr eller ta opp kampen i farlege situasjonar. Problemet er at kroppen ofte ikkje veit forskjellen på ein ulv som er på jakt, ein rasande kunde på jobben eller eit stressande besøk på eit kjøpesenter.Det er sjeldan vi står i reell livsfare, men alt eksamenar, leveringsfristar, oppfølging av ungar som skal på aktivitetar eller redsel for å gjere feil, eller å ikkje føle ein strekk til på jobben kan få fart på binyrene. Mange er blitt avhengig av dette adrenalinrushet for å få gjort tin, derfor utset ein ting til siste nikk. Ein blir raske og effektive, men det har sin pris. Drivstoffet i binyrene kan ta slutt. Binyrene kan auke i vekt, opptil to gram i sin desperate kamp for å holde tritt. Prisen er at vi begynne å misse interessa for livet. Ein kan kjenne seg deprimerte, trøtte og utslitt.
Kundalini yoga og meditasjonar kan vere til stor hjelp i gjennoppbygging av binyrene og evna til å håndtere stress. Øvelsane de lærer idag vil gi deg energien, klarheita og lysta på livet tilbake.