SPONTAN YOGA

SPONTAN YOGA- OG MEDITASJON
SPONTAN YOGA- OG MEDITASJON

SPONTAN YOGA 

Spontan yoga er at du kan få høve til å vere spontan og hive deg med på ei yoga økt når du ser at det passar inn i timeplanen din. Du har ikkje meldt deg på og betalt for eit kurs der du går glipp av mange gongar og regelrett kastar pengar ut vindauget.

Fordelen med å vere i ei slik ordning er at du må dissiplinere deg meir, og forplikte deg til det du har meldt deg på. Somme tider er livet vårt litt for hektisk eller jobb gjer det vanskeleg å binde seg opp til faste timar. 

Spontan yoga-og meditasjon vert publisert på facebook og instagram.

Om vår, sommar og haust tar eg gjerne yoga ute. Her kan du berre hive deg med, men helst melde deg på nokre timar før. Plassen det vert yoga på vil variere og det vert også annonsert på instagram og facebook.