PUST

PUST

Vi tar ofte pusten som ei sjølvfølge, med mindre ein er veldig forkjøla, har lungesjukdomar eller vanskar med å puste. Vi puster berre NO, det siste åndedraget er forbi og det neste har ikkje byrja, det noverande pustet er viktigast.
Pusten er eit passande anker for å få vår lunefulle merksemd. Pusten er jo med oss kvart sekund, vi må berre legge merke til han.

I mange meditasjonsretningar er det merksemd på pust som er fyrste punktet for nybyrjarar innan meditasjon. Budda sa at i pusten ligg heile ditt potensiale for medmenneskelegheit, særleg visdom og medkjensle.

Om det var opp til oss å bestemme kor tid vi pusta ville vi klart det ei stund, for så å gløyme oss. Merksemda vår ville flakka over på noko anna og dermed....

Hjernestammen eller vagusnerven tar seg av dette på ein eineståande måte, det er det same med hjerteslag og andre funksjonar i kroppen.
Alle øvelsane i kundalini yoga nyttar pusten bevisst, du tar styring over pusten ilag med røyrslene. Krevande i byrjinga, men ein kjem raskt inn i det.
Kven er det som er nysgjerrig på yoga og mindfulness, dette skal eg kome inn på seinare. Det er nemleg ikkje tilfeldig at nett du les det som står her.

Her og no er du til stede i orda du les, likevel er tilstedeverelse verdens tøffaste jobb. Ironisk nok er det å bli kva vi faktisk er ei livslang utfordring for kvar og ein av oss som menneske.
Ingen kan gjere den jobben for oss.
Innerst inne lengtar mange faktisk etter å berre kunne "leve litt", sleppe å henge i stroppa og prestere heile tida. Det er så mange krav rundt oss, og mange gonger engasjerer vi oss fordi vi føler vi bør. 
Samstundes er jobben med å utvikle bevisstheit og tilstedeverelse eigentleg ganske lett. Å finne tilstedeverelsen sin lettheit  og leikenheit er ein viktig del av mindfulnessteknikken. I mindfulness er ein alltid på jakt etter å kjenne seg vel. Ein bevisst tilstedeverelse blir etter kvart ein umerkeleg og uanstrengt del av livet ditt. Å meditere gjev nøkkelen inn til vårt djupaste vesen, der vi kan finne vårt autentiske uttrykk med integretet. Å finne fred med seg sjølv og pusten er stor kunst. 

Dei fleste som sit her no veit sånn noko lunde kven vi er, men fortsatt er det mykje å oppdage, i kroppen vår i tankanemønstera våre og i sinnet vårt.

Å gå i gang med oppmersomheitstrening der du bruker kroppen og pusten til å finne ut korleis ting er innanfor virkelegheita si synlege linje krev litt mot. Vi har så mange unnskyldningar for å ikkje prioritere eigentid, tid til å puste, tid til å vere. Bak historiene om korleis alt heng saman, noko vi er gode på å fortelje oss sjølv- endå det kanskje berre er delvis sanne eller ikkje sanne historier i det heile.

"Eg kan ikkje tøye, eg er alt for stiv", "Eg er for gamal til å halde på med slike aktivitetar", "Eg får hetta av å trene saman med andre", "Eg like ikkje å sitte å puste".

Når det gjeld bevisst tilstedeverelse, har kvar og ein av oss vår eigen unike tilnærming. Vi kan heller ikkje unngå å ta i bruk og bygge på alt som finnes i våre liv frå før. Mange forestillingar handlar om smertefulle historier som vi ikkje kan legge i frå oss, historier som kan vere der framleis, som skaper smerter og lidelse.
Til sjuande og sist kan heile fortida vår, uansett korleis den har vore eller kor mykje smerte, lidelse og utmattelse den har påført oss verte grunnmuren vi står på. Vi må ha ein grunnmur, men går vi inn i augeblikket her og no med full oppmerksomheit, sinnsro, klarheit og omsorg kan grunnmuren vere springbrettet til å kome seg vidare.

Du treng den fortida du har, å vere oppmerksom i "no-et" er det einaste augeblikket du har, og kan ha forbløffande verknad på neste augeblikk, og dermed på heile framtida di.

Mindful tyder bevisstheit.

Å vere bevisst tilstede i "no-et" utan å vere forutintatt. Det handlar om å ta kontakt med andre delar av sinnet som vi vanlegvis ikkje har kontakt med.
Frå "gjeretilstand" til "veretilstand". I vår tilverelse er vi for det meste opptatt av å få ting unna, bevege oss raskt frå det eine til det andre eller halde på med multitasking.

Vi har ofte ein så travel kvardag eller er så opptatt av å få unna ting og kome fram til noko som er betre på eit seinare tidspunkt. Vi leve for å krysse av oppgåver på huskelista vår.
Nokon leve i ei slag tredemølle, vi spring og spring frå den eine oppgåva til den andre. Vi har eskalerande forventningar til oss sjølve og forventningar frå andre.

Mobilane suge merksemda vår bort frå oss sjølve og dei rundt oss. Snappar og meldingar vi synes vi bør svare på, mobilen er ein grådig tidstjuv. Vi kan lett bli fanga i ein "gjeretilstand" i staden for ein "veretilstand". Mindfullnes og meditasjon hjelpe oss til å gå over frå "gjeretilstanden" til "veretilstanden". Handlingane våre spring ut i frå vår veren og vi vert meir integrert og affektive eller kjenslevare. Gevinsten er at vi blir mindre utslitt fordi vi tar bolig i vår eigen kropp. Vi kan stoppe før vi møter veggen, tillate oss å hoppe av, puste og roe ned. Vi blir meir lydhøre for eigne signal og tar meir vare på oss sjølve.

Og du vil oppdage at det einaste augeblikket vi faktisk leve er akkurat no.

Mindfulness er universelt. Blir ofte beskrive som kjerna i buddhistisk meditasjon. Likevel er det ikkje ein buddhistisk praksis. Mindfulness er eigentleg eit universelt fenomen fordi det dreie seg om bevisstheit og oppmerksomheit. Det er ibuande eigenskapar i oss alle.
Buddhistiske tekstar og buddhistisk visdom er kome frå mindfulness og er utvikla som metode.
Å legge merke til pusten sin, styre den og la seg begeistre over styrken som sit i pusten kan opne opp for sjølve livet. Her og no.