MEDITASJON og MINDFULNESS
Mindfulness vert ofte omtala som kjerna i buddistisk meditasjon. Likevel er det IKKJE ein buddistisk praksis. Mindfulness er heller eit universelt fenomen fordi det dreie seg om merksemd på våre ibuande eigenskapar men også vår evne til å ta kontakt med vårt underbevisste univers.
OPPVÅKNING
Buddafigurar er strengt tatt ikkje religiøse men ei kunstnarleg framstilling av ein sinnstilstand.
Budda betyr på pali- den som er oppvåknet.
Våken til kva?
Til det som er verkeleg, og til sjansen til å lausrive seg frå lidelse ved å ta del i ein systematisk og heilt praktisk tilnærming til verden.
Meditasjon er ei universell oppdaging, nett slik dei store vitenskapane som oppdaga gravitasjonslova og dynamikkens lov.
Budda uttrykte klart at han sine erfaringar og innsikt gjeld for kvart enkelt menneske og menneskesinn.
Å FINJUSTERE OG KALIBRERE
For å kunne sjå månen må vi kalibrere teleskopet, å sette det på ei vannseng er nyttelaust om ein ynskjer å sjå månen klart. Slik er vår kropp også. Vi må finjustere oss sjølve, og yoga er ein unik måte å få kontakt med vårt eige instrument slik at vi ikkje blir så lette å distrahere. Om vi vil bruke sinnet til å observere, gjere oss til venns med og i siste instans forstå seg sjølv, må ein fyrst lære det mest grunnleggande i korleis ein stabiliserer. Skal vi lære å bruke merksemda vår på ein konstant og påliteleg måte og dermed bli klar over kva som føregår under overflata av sinnet sin aktivitet må vi altså kalibrere oss. Oppmersamheita vår er lite stabil, vi lar oss lett distrahere, og tankane våre vil forsvinne ut i observasjonar, tankespinn eller grubling midt i ein meditasjonsseanse. Det er naturleg. Over tid vil ein kunne lære å stabilisere merksemda og konsentrasjonen.
Berre eit ørlite augeblikk med stabilitet kopla med bevisstheit er utruleg viktig og vil kunne bidra med ei endring.
KJERNA I ALL MEDITASJON
Utfordringa i all meditasjon er å vere til stede i opplevinga akkurat som den er, i staden for å hoppe inn i den for å endre den umiddelbart eller tvinge den til å vere anleis.
Vi har lett for å rømme vekk frå kjenslene våre, anten fordi dei vert for overveldande, skumle eller uuthaldeleg. Problemet er at sinnet ditt styrer kjenslene i kroppen. Det er som å springe i ei tredemølle, du kjem ikkje av flekken om du forsøker å rømme.
Klare du å gjere plass til opplevelsen din i augeblikket om den er god eller dårleg, om det kjennes greit eller ikkje, vil du få ei ny innsikt. Å ta bustad i det bevisste utgjer kjerna i det å praktisere mindfulness.
Med mild dissiplin og ei vedvarande erkjenning om å ikkje gje seg, kan mindfulness gradvis byrje å fungere som ei « standarinnstilling». Ein grunntilstand som vi innstinktivt kan kome tilbake til når vi miste vår mentale likevekt. Den kan dermed fungere som ei djuptgåande helsebringande ressurs for oss når livet buttar imot.
KVA KAN VI OPPNÅ MED MEDITASJON?
Vi kan bli betre på å oppdage korleis vi forholde oss til livet, til kvardagen, dei store og små tinga i livet vårt. Vi kan oppdage korleis vi er i ein krisetilstand, i ein stressa tilstand og korleis vi oppfører oss til det som måtte dukke opp her og no.
Det er her vi kan finne fridom.
Vi kan finne bitar av genuin lykke. Eit lite augeblikk av fred, likevekt og harmoni.
Kvart augneblikk er eit høve til å innsjå at vi ikkje må gje etter for gamle vanar som fungere under vårt bevisstheitsnivå. Med sterk vilje og og stor evne til å velje kan vi eksperimentere med ikkje- distraksjon. Vi kan eksperimentere med ikkje- fiksering, ikkje-avledning, og unngå handlingar vi vanlegvis kan gjere heilt ubevisst.
Er vi villige til å konfrontere våre gamle vanar utan å vere for streng og dømmande mot oss sjølv, men tilføre ei mild og tilgivande haldning til oss sjølv slik at vi kan ta fatt på ny og på ny.
På den måten kan vi justere måla våre, verte meir realistiske og vi kan i korte augneblikk kjenne på å føle seg heime i seg sjølv, slutte fred med eigen kropp og eigne kampar. Berre godta ting slik dei er.
Med ei slik haldning vil vi skjenke oss sjølv ei radikal kjærleiksgåve, ei handling som skape mental sunnheit.
KVIFOR OPPLEVER NOKON INGEN ENDRING?
Dei fleste av oss opplever å reagere likt frå gong til gong, ei kjensle av at det alltid endar dårleg til slutt, at alt berre vender seg mot ein og at ein kræsjar i det same.
Prøv å finn ut kva som verkeleg foregår. For dei fleste av oss handlar det om tankane våre. Vi tenke, og gruble og endar opp i standarinnstillinga vår.
Vi er ikkje bevisst. Det er utruleg bra om du kan klare å legge merke til deg sjølv, kva du tenkjer i situasjonen.
På den måten kan du endre den automatiske innstillinga, du kan finne ein annan måte å tenke og fungere på som er meir nyttig for sinnet og kroppen din.
Med øving kan du finjustere deg sjølv og sagte oppnå endring. Det er ofte omgjevandene dine rundt som ser endringane fyrst.
Så snart du set eller legg deg ned for å meditere vil su oppdage at sinnet leve sitt eige liv. Det held stadig på, igjen og igjen, tenke , fundere, fantasere, planlegge, organiserer, ser framover, bekymre seg, like, mislike, huske, gløyme, analyserer, reagerer, fortelle historier for seg sjølv- ein tilsynelatande uendeleg straum som du kanskje ikkje har lagt merke til ein gong. Ikkje før du heng opp « velkomen inn» skiltet til å ikkje gjere noko anna enn å vere her, berre vere.
KVEN KAN HAMLE OPP MED TANKEN?
Vi lærte aldri på skulen eller av foreldra våre at bevisstheit om tenking kanskje kan gje oss ei viss motvekt og eit anna perspektiv slik at tankane ikkje skulle styre liva våre utan at vi visste det.
Vi er opplært til å tenke kritisk, analytisk eller berre ta imot det vi får servert. Å stille spørsmål ved allereie vedtekne lover og teoriar kan vere plagsomt for ein stakkar lærar.
Dotter mi lurte på kvifor ein måtte lære Pytagoras, og fekk vite at han likte henne betre når ho ikkje spurte eller sa noko i timane.
Kritisk tenkning er viktig, av analytiske og deduktive resonnement for å kunne forstå verden og ikkje føle oss heilt fortapt eller overvelda av denne verden og alle lovene.
Eksakt og kritisk tenkning er ei veldig viktig evne som vi har behov for å utvikle, foredle og utdjupe. Det er berre det at det er så mange andre evner som bør finslipast.
Ei anna og like viktig evne som aldri har fått ei slik systematisk merksemd eller opptrening i skulen er evna til bevisst tilstedeverelse.
Denne evna er like viktig for oss som analytisk tenkning.
Å vere bevisst til stede er meir kraftfullt i den forstand at kva som helst tanke, uansett kor komplisert den måtte vere, kan finne rom i bevisstheita.
Nye dører kan opne seg, ei ny framtid.
KVERNANDE TANKAR
Eg liker å samanligne tankane våre som ei kvern som går rundt og rundt. Dess lenger kverna går dess meir oppmost vert materiale i kverna. Uansett må ein fore kverna for atnono skal bli malt opp. Slik er tankane våre også.
Vi kan la tankane løpe løpsk om vi ikkje er bevisst at det er tankar som kverner. Dei kan virvle opp mange kjensler, både hjå oss sjølve og hjå andre om vi slepp ut alt tankane kverner på.
Når du mediterer skal du øve deg på å gjere deg til vens med tankane dine. Du skal halde tanken varsom fast i hendene dine. Du skal ikkje knipe til og ødelegge den, men undersøke og vere nysgjerrig. Å prøve å stoppe tankane er som å prøve å stoppe ei bølge i havet, det er heilt umogeleg.
Går du djupare ned i havet, vil havet vere mindre opprørt, her flyt strømmen roleg og stille. Slik er sinnet vårt også, vi kan dykke ned og få kontakt med sinnet vårt.I fylgje Zinn har vi kome eit godt stykke på veg mot å gjenerobre liva våre når vi innser at uansett kva innhald tankane våre har, om dei er bra eller dårleg, er vi ikkje nødt til å ta tankane våre personleg. Vi treng ikkje tru på dei. Vi treng ikkje ein gong å sjå på dei som våre. Vi kan akseptere dei som « tankar» som. erre hende i bevisstheitsfeltet vårt. Hendingar so oppstår og forsvinne veldig raskt.
Nokon gongar ka. dei gje oss innsikt, andre gongar eit volsomt følelslada innhald. Dei kan ha enorm effekt i positiv ellernegativ form, avhengig av korleis vi vel å forholde oss til dei.
Når vi ikkje automatisk tar tankane personleg, eller trur på dei « virkelege» historiene vi konstruere på bakgrunn av dei- nør vi berre kan halde dei i bevisstheitamed ei kjensle av nysgjerrigheit ogundring over den utrulege styrken dei har, kan vi hindre dei i at vi vert fanga i dei. ved at vi er vakne i augeblikket. Vi kan avsløre dei som flyktige, unøyaktige og ufullstendige vanemønster.
Vi kan ta tankane for det dei er, nemleg upersonlege hendingar, og vite med oss sjølve at vi har vår eigen bevisstheit. I det augeblikket er vi fri og kan opptre klarare og med vennlegheit til dei stadig skiftande tankane . Det er livet som utfolde seg, riktig nok ikkje alltid slik vi skulle ønska.
JA.
Dersom du snur å lære til ei oppdagelsesreise blir det mykje meirspennande å gå inn i ny kunnskap. Bevisstheita vår spring ut frå oppmerksomheita vår. Å lære meditasjonsteknikkar der du øver deg på å halde fokus vil truleg bli ei av dei viktigaste ferdigheitene ein kan lære barn og unge. Å lære å ikkje la seg distrahere og å kvile i å vere til stede vert ei gåve som kan gjere oss klokare, lage større perspektiv og lage fullstendig nye vegar å tenke på.
Meditasjon vil bli forskarane sitt fremste verktøy forå frigjere sinnet, og bryte med automatiserte og rutineprega tankemønster.
Fritt etter Jon Kabat-Zinn
NYBYRJAR I MEDITASJON
Det er nybyrjarar i meditasjon som kan ha dei største opplevingane. Nybyrjarar er ofte opne og nysgjerrige når dei blir med på meditasjon. Denne openheita gjev mest moglegheiter og mest kreativitet.
Om ein er "ekspert" kan ein ha låst seg i forventningar, dersom ein klarer å fortsette å vere open og innstilt på å ta imot, og vere forundra over augeblikket vil ein stadig få nye opplevingar. Det du ikkje veit vil alltid vere eit mykje større felt enn det du veit.
Dette er også grunnen til at opplevinga av meditasjonsstunda kan endre seg.
Akaal
Udødeleg
La sjela di bli fri
La ho passere
Ta ho med deg på di reis
La ho få fred og kvile
Reis til det vakre uendelege
Over i ein ny dimensjon
Å dø er som å bli født
Du skjønar ikke før
du opnar auga
Gled deg over alt godt du møter
over alle band som er brutt
Vi set deg fri
Og skal minnas deg med glede
Akaal - Akaal - Akaal
ver fri
https://youtu.be/DgN1R_63WEc
Skriv inn tekst her