KUNDALINI YOGA
Kva er kundalini yoga
Kundalini betyr energi. Frå Vedisk kultur er dette energien som ligg lagra i enden av ryggrada vår, og som vert utløyst gjennom yoga. Ein tenkjer at denne energien kan passere opp gjennom spinalveska og setje i sving vibrasjonar og røyrsle i dei ulike chakraene.
Slik kundalini yoga blir praktisert idag er det ikkje ein religiøs praksis. Opprinneleg er Kundalini yoga influert frå Shaktismen og Hinduistiske Tantra skular. Kundalini yoga er ein 4000 år gamal praksis, som vart utvikla for "heilt vanlege folk". Den skulle vere så enkel at absolutt alle kan lære og praktisere.
I all yoga er ein på leiting etter å vekke kundalini energien. I denne yogaforma tenkjer ein at ein ved regelmessig praksis av øvelsar eller Kriyaer, mantra og meditasjon kan få energien til å strøyme og virke inn på både kropp og sinn. Målet er bringe kropp og sinn i saman.
Øvelsane gjer deg sterk, dei generer energi og hjelper deg å slappe av. Den styrken ein får av å drive yoga i saman er i aller høgste grad også mental. Å gjere yoga åleine er også svært fint, men det er ingen ting som slår effekten av å vere i ei gruppe saman med andre.
Øvelsane er konstruerte slik at du må ha fokuset innover. Vi sit ofte med augene att for å betre kunne føle øvelsane og få maksimum effekt. I byrjinga må du vel og merke ha augene opne for å følge med på instruktøren, etter kvart som du fell til ro, og kjenner deg trygg på øvingane kan du late att augene.
Alle instruksjonar er felles, ser instruktøren nokon som gjer ting på ein feil måte vil vedkomande ikkje bli retta på, men det kan kome ein felles påminning til alle om å justere.
Kundalini yoga i havgapet
Det er eit mål for meg å bringe denne forma for yoga ut til så mange som eg kan. Motivasjonen min er at effekten har vore så stor for min eigen del at fleire bør oppleve noko lignande. Å vidareformidle kunnskap er yrket mitt, men truleg også ein arv frå besteforeldra mine som gjer at det å kunne spre kunnskap som kan gjere livet lettare for meg sjølv og andre, gir meining.
Bømlo er no ei landfast øy mellom Stavanger og Bergen, Her er storhavet rett i vest, med vind og bølgjer og vill, rå natur. Bømlo har Svortland som kommunesenter, og det er 17 kilometer ut til perla i havet.
Spontanyoga vert anonser på sosiale media, facebook og instagram, og i ei messengergruppe og facebookgruppe med same namn. På vinteren vil eg halde yogaen inne i sjøbuda. Å ha yoga ute i naturen er noko av det finaste som finnes- når ver og vind tillet det vil øktene vere ute.
Enn så lenge har eg pause i programmet mitt.
Grunnen til det er at mannen min og eg renoverer leiligheiter og yogalokalet skal bli endå betre, også vinterstid.
Det vil bli enkle spontane samlingar i helgene om det er fint ver. Då er vi ute. Det vil også gjelde enkelte helger i Bergen.
Traumer og PTSD
Har du hatt traumatiske opplevelser kan det hende at du bør ta visse forhåndsregler når du mediterer. Iblant skjer det også at meditasjon avdekker traumer som har blitt fortrengt eller fornekta.
Traumer er ein hendelse eller en serie av hendelsar som er så stressande at den får oss til å føle oss overvelda, hjelpelause og ofte grunnleggande utrygge. I nokon tilfeller trenger dette ikke vere spesielt utløysane dramatiske situasjoner, men heller skapt av langvarig emosjonell belastning eller stress.
Traumer er vanleg, og dei fleste går vidare uten varige problemer. Men ca 8-10% utvikler posttraumatisk stresslidelse, eller PTSD.
Mindfulness-meditasjon kan nokon gongar få personar med PTSD til å oppleve at dei «sit fast» eller håndterer kjenslene sine dårlig. I verste fall kan meditasjonen føre til retraumatisering. Ved retraumatisering aktiverast sterke emosjonelle reaksjoner eller destruktive meistringsforsøk, utan at personen har metodar for å regulere disse. Det kan over tid føre til ei forverring av tilstanden.
Ei utfordring for mange med PTSD er at oppmerksomheiten har fått en tendens til å ville oppsøke det som utløyser gjenopplevelser av traume.
Under meditasjon kan det derfor for mange med PTSD vere vanskeleg å ikkje legge merke til noko anna enn sanseopplevelsar som har med traumet å gjøre. Dette kan vere i ytre sanser, som spesielle lukter eller stader, eller indre sansar som visse tankar eller følelsar og fornemmelsar i kroppen.
Denne tendensen er i utgangspunktet ein naturleg overlevelsesmekanisme som vert kalla orienteringsrespons, men ved PTSD har responsen blitt overfølsom.
Du kan lære å navigere rundt en overfølsom orienteringsrespons, og over tid dempe overfølsomheten.
Merker du sterke overveldande kjensler og du veit at du har tunge opplevelsar i livet ditt, rår eg deg sterk til å oppsøke terapeutar som har kompetanse på traumebehandling og PTSD.
Å kombinere yoga og meditasjon med anna behandling som psykolog, psykiater, psykomotorisk fysioterapi ol. kan gi deg raskare heling.
Mange av øvelsane og meditasjonane har stor effekt på hjerna, amygdala som styrer kjenslene våre og ellers påverker binyrene våre og produksjonen av adrenalin og kortosol. Kundalini yoga har vist seg å kunne hjelpe mange med sterke opprivande minner, men på samme måte som at å stå slalom ikkje passar for alle som er utrente, kan yoga- og meditasjon vere noko ein ventar med til ein har opna opp såra hjå profesjonelle behandlarar.
Yoga filosofi
G.O.D
"Generate Organize Destroy "
Vestleg og austleg filosofi er totalt forskjellig.
I vestens filosofi nyttar ein ofte studier av kunnskap gjennom bruk av språk og metodar for å forstå og analysere omgivelsane våre, livet og universet. I austleg filosofi er kunnskapen knytta opp mot erfaringar. Det er den som erfarer som sit med kunnskapane som vert etablert gjennom kapasiteten til den som praktiserer, og evna til å formidle opplevd kunnskap. Kunnskapen som er blitt oppdagaga og formidla treng lærarar som kan ta opp i seg kunnskapen og vidareformidle den til neste generasjon, nettopp fordi den er opplevd.
Yogafilosofien ser på livet vårt som ein stige. Steg for steg som må forserast. Dei ser på universet som ein kjede av opplevd liv. På toppen av denne stigen er rein bevissthet, den eine makta som kan "Generate, Organize and Destroy". G.O.D. Det er i fylgje yogafilosofien ikkje den himmelske gud slik vi i vesten ser det, det går ingen heis opp. I denne filosofien er G.O.D deg. Det er din identitet, ditt uttrykk, derfor er GOD over alt. Uansett kor du er, er G.O.D.
I fleire mantra vil ein høyre at ordet G.O.D vert nemnt.
Om du vel å gjere mantra om til din gud, er det heilt opp til deg.
Vi skaper ein hendelse, forsøker å organisere og sette i system og i slutninga brytes det meste ned.
MANTRA
Kvifor bruker vi mantra?
Kundalini yoga kan ikkje lærast gjennom bøker, eller YouTube. Kundalini yoga kan kun lærast gjennom ein lærar. Det er psyken til læraren som avgjere det. Det er derfor ein kallar det «Stien av den Gyldne kjeden». (The Path of Gold, eller Golden Chain) fordi den passerer frå den eine personen til den andre, til den neste som ein kjede. Det er ei lenke av energi som eksisterer mellom læraren og lærarane vidare bakover. Dei inviterer kunnskapen som er lagra i historia. Når ein koplar seg på den Gyldne kjeden inviterer ein visdomen inn i rommet.
I det øyeblikket du «tunar inn» til læraren sin psyke, vil din psyke beskytte omgivelsane. Teknikkane i kundalini yoga er viktig, ein må kunne Kriyane, og vite essensen i meditasjonane, men det er også svært viktig å vaske bort sitt eige ego.
Dette for at ein skal klare å vere intuitiv og klare å vere til teneste med kjærleik for sine studentar. "Vi knyttar oss til den Gyldne kjeden for å frigjere oss sjølve frå vårt eige ego, vi vert dermed meir truverdige lærarar. Dersom du får kundalini timen til å handle om deg og kor dyktig du er, tar egoet over og du ynskjer meir å sole deg i glansen over beundringa til studentane, heller enn å formidle visdomen gjennom generasjonar."
(Ramdesh, 2019)
Mantra er brukt for å knytte seg opp mot den gyldne lenke, og ein bruke det vi kallar Adi Mantra. Alle kundalini økter byrjar med mantraet, ONG NAMO GURU DEV NAMO.
Ein gjentar det tre til fem gongar. Det er den fyrste teknologien innan Kundalini yoga. Ein meditasjon som er med på å bevisstgjere ein. Ein "chantar" framføre å synge.
Det er den fyrste kreative tilkopling ein gjer. Den sentrerer deg inntil eit høgare sjølv, der du koplar deg på den "Gyldne linken". Du vert guida inn i ein høgare bevisstheit. Den gjer deg meir mottakeleg og sensitiv for bodskapane som kjem frå kropp, sinn og intuisjon.
Den set merksemda di i eit høgare modus, den set deg i ein flyt posisjon der du kan nå ein spirituell og kreativ leietråd, men samstundes set deg i kontakt med deg sjølv.
ONG er den kreative energien frå kosmos, og den energien som har oppstått då kosmos blei danna. Den gjev involvering utan at ein må binde seg. Den generere SHAKTI eller energi, eller den generere makt til livet.
NAMO betyr å kalle på eller å bøye seg til. Den som viser respekt og gjer deg mottakeleg. Ein bukkar eller bøyer seg med ein slik respekt at ein auke sin eigen verdigheit, der ein syner at ein veit at det finnes ein høgare bevisstheit ut over seg sjølv.
Når du seier ONG NAMO kallar du på bevisstheita om at du gjer avkall på ditt eige ego.
GURU betyr visdom eller lærer. Ikkje ein spesiell lærar, men erkjenninga av at det finnes ei kjelde av lærdom. Ikkje kva som helst slags lærdom, men den form for lærdom som forandrar DEG.
Avslutning av ei yogastund
Sit i lett skreddarstilling-lett yogastilling (Easy pose) med hendene samla foran deg i Pranam Mudra, augene skal vere lukka på same måte som når du starta timen.
På same måte som ein bruker Adi Mantra til å "tune inn" bruker vi eit mantra til å "tune ut".
Noko gongar held det at ein berre avsluttar med SAAAAAT NAAAAAM. Eller ein chantar eit mantra der ein sender gode tankar og vibrasjonar til seg sjølv, dei som sit i samme rom, slektninger, vener, til verda eller universet.
Avslutt med Long time sun
Evig sol Long time sun
La den evige sol skine på deg May the long time sun shine upon you
All kjærleik nå deg all love surround you
Og det reine lyset inni deg and the pure light within you,
Vis vegen fram Vis vegen fram guide your way on
PUST
LUFTVEGANE - bruk av PUST
Luftvegane er sett saman av nase, svelg, strupehovud, luftrør, lunger, bronkiar, bronkiolane, flimmerhår, lunger, ribbebein og diafragma/mellomgulvet.
Dei viktigaste funksjonane til lungene er at lufta kjem inn i kammeret der lungene sit, beskytta av ribbebeina, muskulaturen og diafragma. Diafragma gjer størsteparten av jobben med respirasjonen. Elastiske vev mellom lungene gjer det mogleg for lungene å utvide seg og trekkje seg saman. Samantrekningar av ribbene og diafragma lagar eit vakum i kammeret, som tvinger lungene til å utvide seg og fylle seg med luft.
Når diafragma og ribbemusklane slappar av , vil det elastiske vevet gjere at lungene går tilbake til si normale form, og pressar ut lufta.
Lufta går gjennom nasa, passerer strupehovudet og inn i luftrøret. Lufta går gjennom luftpassasjen i lungene og vidare ut i tusenvis av alveolar eller luftblærer.
Gassar passerer alveolane gjennom membranen til eit område med lavare konsistens av luft. Blodet kjem inn i lungene med ein lågare konsistens av oksygen. Derfor går karbondioksid frå blodet til alveolane medan oksygenet går frå alveolane og inn i blodet.
Karbondioksid løyser seg lett opp i vatn, noko oksygen ikkje gjere. Derfor ber oksygenet blodcellene med seg til celler som treng oksygen, saman med sukker og stivelse som cella treng for å få energi.
Kroppen kvittar seg med karbondioksinet gjennom pusten, slik at kroppen beheld den alkaliske balansen.
Negativ innverknad på systemet kan vere røyking. Dei giftige stoffa i røyk øydelegg det elastiske vevet og dei små fine flimmerhåra, og luftblærene i lungene. Med øydelagde flimmerhår klarer ikkje lungene å fjerne restane av luft og avfall i luftblærene. Kroppen får ei aukande mengde av slim i lungene sin små luftpassasjar slik at restar blir hosta ut. Det er dette ein kallar røykhoste.
Når flimmerhåra er øydelagde, vil det fine vevet som tillet oksygenet å gli inn i blodcellene verte redusert, noko som medfører lågare oksygenmengde i blodet. Det elastiske vevet er øydelagt medfører det at lungene ikkje kan trekkje seg saman normalt til sin minste storleik, og karbondioksid som skulle vore fjerna vert verande att i lungene. Kroppen vert forgifta. Pusten er den raskaste vegen kroppen kan kvitte seg med dioksinar eller gift.
Kundalininyoga øvingar som kan hjelpe er lang djup pust.
Denne balanserer det parasympatiske og det sympatiske nerve systemet, den skape ein rein djup og langtvarande avslapning.
Den lagar ein sereigen puls med ein viss frekvens i hjernen, som stimulerer hypofysen, kongekjertelen (glandu pinealis) og auker den intuitive bevisstheita.
Pusten er med på pumpe cerebrospinalveske rundt i hjerna. Dette er ei klar veske som fylle hjerne ventrikkelane og ryggmargen. I tillegg fylle veska rommet mellom dei to hjernehinnene arachnoidea og pia mater. Heile sentralnervesystemet er altså omgitt av cerebrospinalveske. (leksikon, 2019)
Ein kan reduserer at gifter bygge seg opp inni lungene, ved å opne godt opp luftsekkane/blærene.
"Breath of fire" eller vekselpust, er ein god øvelse for å hjelpe kroppen til å nå eit optimalt nivå mellom syre - alkanisk balanse, reduserer irritasjon og plakk produksjon i lungene. Vekselpust stimulerer vagus nerven og balanserer det autonome nervesystemet. Den rense blodet ved å fjerne giftstoff frå vevet, lungene og kjertlane i membranane. Den aukar også den vitale kapasiteten i lungene, forbetrar helsa generelt og gleda over livet.
Alle Kundalini yoga øvelsar er bra for lungene. Pranayam og meditasjonar forbetrar respirasjonssystemet.
AVSPENNING
Etter eit Kriya eller øvelsar, er vi meir fokusert og sensitive for energien som straumer igjennom oss. Alle yogatimer inneheld frå 7-15 minutt med avspenning.
Under avspenning skal ein vere konsentrert, og den djupe avslapninga vil stimulere og auke gjennomstrømminga av vesker gjennom kjertlane våre og blodgjennomstraumen til hjerna. Yogalæraren skal aldri delta sjølv i avslapninga. Mi rolle er å holde tryggleiken og krafta i rommet.
Den beste stillinga er "A Corps pose", eller "ligg som om du er død", du ligg med armane langs sida, håndflatene opp, og beina rette. Å sveipe eit teppe rundt seg kan vere lurt for å halde armar og bein tett inn til kroppen, samt at ein ikkje misser varmen i kroppen.
Heretter vert du guida inn i djup avspenning. Ikke alle kjenner seg avspente dei fyrste gongene, dette er ein teknikk som må lærast. Er du svært stressa vil det ta tid, men fortvil ikke.
Kroppen og tankane slepp tak etter kvart.
Å ligge i ro er med på balansere energien i chakraene våre. Det er svært viktig å la kroppen kvile. I denne stunda restituerer vi muskulaturen, og tar mentalt kontakt med kroppsdel etter kroppsdel.
Når vi har gitt kroppen «ordre» om å spenne av forsøker vi å legge merke til kva hjerna syslar med. Vi tar eit metakognitivt blikk på tankeflommen vår, er aksepterande og vennleg til oss sjølv.
Å gje hjerna moglegheit til å falle til ro har uvurderleg stor verdi for å kunne «restarte» oss sjølve igen. Vi vil få ny energi og mange opplever å auke kreativit og nytenking.