KRIYA ØVINGAR
Kriya eller øvingar vi går igjennom på yogatimane i Bømlohallen eller i sjøbua, vil eg sende til dei som deltek på timane om de ber om det. Du skriv mailadressa di etter yogatimen på ein gul lapp , eller legg meg til som venn på facebook og messenger, dermed kan eg sende kriyaet til deg. Dette er fordi det er ein fordel å ha gått igjennom øvingane saman med ein lærar. Vi underviser meir enn det som kjem fram på nettet, fordi kunnskap frå våre lærarar er blitt grundig formidla direkte til oss studentar.
Yoga øvelsar og meditasjonar i september
NABI KRIYA
Nabhi refererer til nervepleksus rundt navlepunktet. Dette settet fokuserer på å utvikle styrken til navlepunktet. Tidene som er gitt for kvar øvelse er for videregående studenter. For å starte øvelsen, start med 3-5 minutter på dei lengre øvelsane. Dette kriya vil få mageområdet i form veldig raskt og aktivere krafta til det tredje chakraet.
Navlesenteret er i solar plexus og sentrum for guddommeleg solenergi! Alle dei solfylte og positive delane i kropp blir aktivert.
Å trene området rundt navlen er bra for alle.
Ein sterk "Nabhi" gjev deg mot til å fylgje visjonane dine, makt til å handle med integritet. Du vert fryktlaust for å møte utfordringar, du får vilje til å ære skjebnen din uansett kva og med tillit til å vere deg sjølv i kvart augeblikk!
Sjølv tok eg Nabhi Kriya i 40 dagar, før ei stor utfordring i livet mitt. Tru kan flytte fjell seier dei, for min del kom eg meg igjennom.
MEDITASJON
Releasing Childhood Anger
Denne kraftige meditasjonen frigjer langvarig spenning som har blitt lagra i nervane sidan barndomen. Yogi Bhajan sa: "Denne meditasjonen vil gi deg nokon subtile krefter. Den vil forandre deg innvendig og utvendig. Det kan gjerast om morgonen eller om kvelden, men om du gjer det om kvelden, vil du oppdage neste morgon ein heilt ny styrke, energien er forandret.
Mi personlege erfaring er at ein må "halde ut". Det kan kjennes ut som om armane fell av ein, tårer kan strømme og tankar og kjensler kan dukke opp. Dette er normalt og ein del av prosessen i å sette seg sjølv fri. Eg gjennomførte denne meditasjonen kvar kveld i 40 dagar.
Eg tørr påstå at eg var forandra etterpå.
Asana, bandha og mudra
Få kontroll på din indre muskulatur
ASANA
Asana betyr posisjonar i Kundalini Yoga. Desse posisjonane kan løyse opp eller stimulere ei muskelgruppe i kroppen. Dette løyser flyten av energi og stimulerer kjertlane og organa i kroppen. Øvelsane kan vere med å løyse opp på blokkeringar både på det fysiske og det mentale plan.
Bandha er lås-posisjonar i kroppen. Rotlås er å stenge alle opningar i underlivet, anus, urinrør, og seksualorgana.
Diafragma lås er å knytte navlen inn mot ryggrada og så trekke muskelen i mellomgulvet inn og oppover mot brystkassa.
Nakkelås er å halde haka litt inn mot brystbeinet.
Mahabandh er den store låsen, alle tre låsane vert haldne samstundes.
Mudra betyr ulike håndposisjonar.
I kundalini yoga har ein Gyan Mudra som er toppen av peikefinger og tommelfinger mot kvarandre. Dette forseglar kunnskapen.
Shuni mudra er tuppen av langfinger og tommelfinger mot kvarandre. Dette er forsegling av tolmodigheit.
Surya eller Ravi Mudra er tuppen av ringfinger mot tuppen av tommelfinger. Det betyr forsegling av sola, og livet og revitaliserer energien.
Budda mudra er tuppen av lisjefinger mot tuppen av tommelfinger, og betyr forsegling av mental styrke og klarheit. Det opnar opp for kapasaiteten til å kommunisere klart og intuitivt.
Nakkelås (Jalahandar Bandh)
Dette er den fyrste, viktigaste og den mest vanlege låsen ein brukar. Den vert vanlegvis brukt i alle meditasjonar der ein chantar og også ved pusteøvelsar (Pranyama)
Kvar gong du held pusten inne eller ute set ein nakkelås.
Ein skal strekke nakken rett opp frå ryggrada og skubbe ansiktet inn mot nakken slik at ein får ei lita dobbelthake. Ansiktet skal vende forsiktig nedover mot brystbeinet. Hovudet skal vere sentrert, ikkje tilta framover eller til side. Musklane i nakken og halsområdet skal vere avslappa.
Effekten av nakkelåsen er at den forseglar energien som er i dei øvre delane av hjernestammen. Den endrar og balanserar blodtrykket, som av og til kan stige under pusteøvelsar og i ulike posisjonar.
Nakkelås skapar refleksar som stimulerer og balanserer skjoldbrukskjertelen og biskjoldbrukskjertelen som ligg nedgravd i eller i nærleiken av skjoldbrukskjertelen.
Utan nakkelås kan den praniske energien flyte til øyrene eller augene eller andre plassar. Ved å halde nakkelåsen vert hjarte roa ned og flyten av energi normal.
Jala- referer til veska som flyt i hjerna, dhar referer til dei opne kanalane som gir god flyt til hjerna sine gjennomstrømmingar av vesker. Hypofysen, hypothalamus og kongekjertelen eller pinealorganet som er på storleik med ei lita ert som sit plassert over mellomhjerna, vert stimulert. Eit av stoffa som vert stimulert er blant anna melatonin, som er viktig for døgnrytmen i kroppen.
Diafragma lås-Uddiana bandh
Namnet diafragma eller Uddiana som det vert kalla på Sanskrit betyr «å fly opp». Energien frå nedre del av magen som stig opp i rytme med pusten.
Diafragma eller mellomgulvet, lagar ei barriere mellom øvre delar av brystkassa og den nedre bukhula (abdomen). Det er ein fysisk muskulær barriere i like stor grad som det er ei energisk barriere. Ein seier også at det er psykologiske barrierer i dette området.
I flukt med pusten vil røyrslene av mellomgulvsmusklane svinge energien rundt i dei mitre delane av kroppen. Funksjonen og røyrslene på undersida av mellomgolvet seier ein er meir ubevisste og reaktive, medan røyrslene over mellomgulvet er meir bevisste og fleksible.
Uddiyana bandh kryssar midtlinja i kroppen vår, vertikalt integrere den kjenslemessige kvalitetar og tillet sirkulasjon av den praniske energien inn i den sentrale kanalen som ein kallar SUSMUNA.
For å gjere Diafragma låsen, eller mellomgulvs låsen må ein puste ut all pust, altså tømme lungene fullstendig for luft. Ein løftar muskulaturen frå navlen og oppover og drar magen inn mot ryggrada. Ein må aldri synke i hop i brystkassa når ein gjer denne låsen. Forsiktig pressar ein den nedre delen av brystkassa og ryggrada framover. Hold kraftig fast på løftet imellom 10 og 60 sekund. Ikkje press. Hold denne mellomgulvslåsen med ein indre roleg likevekt.
Løys opp på låsen ved å slappe av i mellomgulvet og gradvis innhalere pusten.
Uansett om du gjer denne øvelsen sittande eller ståande vil denne mellomgulvslåsen massere tarmane og hjartemuskulaturen. Den er rensande og fremjer ungdomlegheit, og senker degenerarande alderstrekk. Den hjelper på å halde på energien i månesenteret. Uddiyana bandh hjelper å forbetre og bevare energieane i frå solar senteret til solar plexus.
Vennlegheit, lidenskap og tolmod vert lettare å få fram når mellomgulvet vert styrka og hjartesenteret opna.
Rotlås eller Mulbandh
Dette er den mest komplekse av desse tre låsane. Den fungerer som ein hydraulikkslange nedst i ryggrada. Den koordinerer, stimulerer og balanserer energien som er involvert rundt anus, dei seksuelle organa og navle punktet.
Den omdirigerer overflødig seksuell energi til kreativitet og kroppslege reperasjonar.
Er det mangel på seksuell energi hjelper denne låsen å korrigere den.
Denne låsen vert ofte brukt i enden av ein øvelse for å utkrystallisere effekten. Den vert ofte brukt i samband med nakkelås.
Fyrst trekk ein saman endetarmsopnningen, ein kjenner at musklane drar opp og innover. Så snart desse musklane er aktivert drar ein saman musklane rundt seksualorgana, skjeden for kvinner og penisrot for menn, og urinrøret. Ein kjenner eit løft bak skambeinet. Det er som å halde urinveska fast i urinrøret.
Desse tre samantrekningane opptrer saman i ein glatt, rask, flytande bevegelse som vert kalla rotlås.
Rotlås er anleis enn mellomgulvs låsen ved at ein brukar navleområdet når ein løftar. Det gjer ein ikkje med mellomgulvslåsen. Rotlås vert som sagt brukt mest til å avslutte enkeltøvelsar og meditasjonar.
Rotlåsen aktiverar Prana og Apana ved navlesenteret. Mulbandh eller rotlås dirigere apanaenergien opp til navlepunktet i staden for å gå ut i rotchakra slik den normalt vil gjere. Der vil den møte Pranaenergien som er på veg nedover, i navlepunktet. Når desse møtes vil det oppstå ein varme, som igjen vil opne inngangen til Sushmuna som er hovudkanalen for Kundalinienergien som kan straume opp igjennom ryggrada. Spinalveska vert sett i røyrsle. S.109 (Bhajan, 2013)Manualen.
Kroppslås-Mahabandh
I den store kroppslåsen er alle desse tre låsane tatt i bruk. Denne låsen vert brukt etter øvelsar og ulike meditasjonar. Når denne låsen vert brukt korrekt kan kroppen gå inn i ein sjølv- healande tilstand. Kroppen reparer rett og slett seg sjølv. Den kan hjelpe for menstruasjonskramper, dårleg sirkulasjon av kroppsvesker, og til og med plagsomt tankekøyr.
Å bruke kroppslås hjelpe deg til å jobbe deg igjennom mentale blokkeringar og traumer. Den vil hjelpe deg til å auke din mentale kapasitet. Det krev disiplin, uthaldenheit og konsentrasjon for å gjennomføre desse øvingane.
Muskulatur vi sjeldan eller aldri snakkar om
Nokon vert flaue og brydde når ein snakkar om indre muskulatur, særleg når ein snakkar om rotlåsen og dei seksuelle organa våre.
Du gjer deg sjølv ein stor teneste om du forsøker å ta imot kunnskapen med eit open sinn. Unngå å dømme, slapp av og lytt heller til kroppen.
Kvinner som ikke har trent den indre muskulaturen kan kjenne dette ved at ein "tissar på seg" når ein ler eller nys, får nedsigen bekkenbunn eller får bekkenbunnsprolaps. Ein kan hjelpe seg sjølv med å få kontakt med denne muskulaturen.
Menn kan oppleve ereksjonsvanskar og lite energi, å kontrollere den indre muskulaturen gjev kraft og betre kontroll.
Ein kundalini yoga lærar skal:
Ver nøyen på å markere tydeleg for elevane når ein startar sjølve Kriyaet. Her introdusere ein kva tema for Kriya er. Deretter ber læraren elevane bruke merksemda si, kjenne etter i kroppen, vere mentalt til stede og kjenne på gruppetilhøyrigheita.
Læraren vel eit Kriya som ho meiner passar gruppa si, deira fysiske form og interessene deira. Læraren skal vere godt førebudd før start av undervisninga. Ho bør helst ha gjennomgått øvelsane sjølv, det er ein stor fordel å kunne sitta godt. Det er lov å bruke instruksjonsmanualen som støtte undervegs.
Læraren forklarar øvelsane nøye, og demonstrer om ho meiner det er naudsamt. Yogaøvelsane vil bli demonstrert under heile økta. Det er instruktøren sin jobb å sjå elevane, guide dei, inspirere dei og ikkje minst halde tida på kvar øvelse.
Læraren kan korrigere klassa på generell basis, men ikkje påpeike feil hos enkeltelevar. Minn elevane på å ha augene attletne, opplevelsen vert betre når ein konsentrere seg om seg sjølv og sin eigen kropp. Mange byrjar å samanlikne seg med medstudentane om augene er opne.
Minn elevane på å vere avslappa i dei musklane som dei ikkje brukar, for eksempel i ansiktet, nakken og skuldrene,mm.
Ver nøyen på å seie at elevane ikkje skal presse kroppen ut over eigne grenser. Eleven må kjenne sjølv om ein tøyer for langt. Ekstreme øvelsar må øvast inn gradvis.
Demonstrer øvelsane, men ikkje overdriv. Hugs at det er ikkje lærar som skal vere i fokus med kor dyktig ho er, dessutan kan læraren misse fokus på elevane om ho skal ta øvelsane saman med dei. Vis også modererete øvelsar særleg til eldre og nybyrjarar.
Om kundalini yogalæraren vert sitjande stille etter å ha demonstrert er det for å sikre at øvingane vert gjort korrekt.
Det er også lov å redusere tida, dette kan vere viktig for å halde motivasjonen oppe, men då må alle øvelsar ha redusert tid. Oppmuntre elevane til å prøve å ta øvelsane ut tida. Nokon elevar treng å byggje opp styrke, då er det viktig å ikkje gi seg på halvvegen.
Dersom dei må stoppe under øvelsen, be dei om å forsette å puste, og gjerne gjenoppta øvelsen så snart råd er. Å la elevane sine kvile i 30 sekund til 3 minutt mellom øvelsane gjev dei høve til å kjenne på verknaden av kvar øving. Lengda på pausa vert regulert etter kor harde dei er for elevane.
Læraren minner elevane om å puste med mantraet SAT NAM. Sat på innpust og nam på utpust. Læraren må minne elevane på dette under heile Kriyaet, dette fordi det er så lett å gløyme.
For å vere til stede i kroppen og halde på konsentrasjonen kan ein oppmuntre elevane til å ha fokus på det tredje auge, om ikkje noko anna vert instruert.
Forklar under vegs kva effekt dei ulike øvingane kan ha på kropp og sjel.
Hugs at det er ei gåve å kunne undervise i noko som løftar og set energien fri hjå dine nydelege elevar.