INSTRUKTØR
Hei!
Mitt namn er Inger-Lise Nord Waage, er fødd i 1968 og er frå Nordfjordeid.
Byrja med yoga som 23 åring. Etter det har eg tatt ulike yogakurs for eige bruk, og praktisert yoga sidan.
Eg er utdanna Kundalini yoga lærar gjennom KRI- International training på Stord yogaskule.
I tillegg til å vere yogalærar er eg ungdoms LOS i Bømlo kommune. Er utdanna spesialpedagog og i botn har eg kunstfagleg bakgrunn.