ÅPNE DITT SINN
Spontan yoga-og meditasjon
Trenings-og helse retreat til Spania til Tårnhuset i Albir.
9-16. september reiser vi ein flott gjeng til Spania. Turen er initiert av psykomotorisk fysioterapeut Johanne Toresen Malme med ektefelle. Underteikna blei invitert med som yoga-og meditasjonslærar.
Bileta du ser under er frå den fantastiske turen vi hadde i fjor.
Vi starte dagen med smoothie, deretter er det morgonyoga med nydeleg utsikt på ein fin platting ved huset. Johanne har to økter med fantastisk trening i basseng.
Deretter lager ektefellene våre til lunsj. Vi koser oss med dei nydelegaste salatar, frukter og pålegg. Programmet vidare er svært variert, vi har refleksjonsgrupper der ein samtaler med gruppa si om sine erfaringar, dette gjer vi kvar dag.
Vidare er det tur, utflukter, strandbesøk med ulike innbakte aktivitetar som kroppsbevisstheit, mindfullness, meditasjon mm.
På kvelden har vi innleigde kokkar som lagar nydeleg middag til oss.
Dette er ein tur der du vil oppleve glede ved å vere saman med andre, etablere nye bekjentskap og vennskap, og ikkje minst bli kjent med deg sjølv på ein heilt ny måte.
Ei veke på dette trenings-og helse retratet vil opne nye dører, du vil kome heim med refleksjonar rundt deg sjølv og andre som vil sette din verden i eit nytt og spennande perspektiv.
Bileta nedanfor er frå fjordårets retreat.
Kundalini yoga for alle ?
Kundalini yoga er i prinsippet for alle, men har du skadar du er usikker på, bør du snakke med lege eller fysioterapeut for å sikre deg at du kan drive med yoga. Det kan være lurt å snakke med yogainstruktøren på førehand, om du har skadar eller sjukdomar.
Det er det samme med meditasjon. Nyare undersøkingar har vist at meditasjon ikkje er for alle. Dette er vel og merke ei noko unyansert undersøking, men nokon kan oppleve ubehag i form av angst og depresjon.
Er du disponibel for psykisk sjukdom, bør du samtale med fastlegen din om å meditere kan vere bra for deg. Å kombinere denne type yoga og meditasjon med psykolog timar kan vere eit godt reiskap for finne ut av seg sjølv og eigne kjensler.
Under meditasjonen kan det dukke opp bileter, minner og kjensler som er ubearbeidde, dette kan for nokon verke skremmande. Du kan be om å snakke med yogalæraren i etterkant, og saman kan de bli einige om vegen vidare.
Nokon er uvande med å kjenne på eigne kjensler, å drive med yoga og meditasjon gjev deg eit unikt høve til å bli kjend med deg sjølv og ditt indre.
Andre kan oppleve å bli fylt av mykje energi, nokon kan kjenne seg euforiske og nesten rusa.
Grunnen til dette er at kundalini yoga er snarvegen til å få igang energirøyrsla i spinalveska i ryggrada vår, bruken av pust og den høge oksygentilførselen til hjerna gir energi, og dei rolege avspenningsøvelsane kan lette på stress.
Fyrste gong på Kundalini yoga?
Ta med ei pute, ei matte og eit pledd .Ta gjerne med ei flaske vatn også. Kle deg i lause og ledige klede. Tights går også fint. Instruktøren går helst i kvitt, dette er fordi kvitt tar opp i seg krafta i alle fargar og styrkar auraen.
Finn deg ein plass kor du føler deg vel og trygg.
Ta gjerne av deg sokkane, å gå barfot gir deg betre sittestilling og betre "tak" i underlaget.
Før timen startar vert det spelt roleg musikk. Legg deg gjerne ned, lukk augene og vent på at timen skal starte. Du kan kan også sitte roleg på yogaputa og småpludre med dei rundt eller berre sitte med lukka auge. Då signaliserer du at idag treng du ro.
Vi set oss i lett yogastilling, om du vil sitte i lotusstilling må du gjerne gjere det, men i Kundalini yoga er vi opptatt av å sitte mest mogleg behageleg på matta. Derfor kan ei pute under baken gjere det enda betre å sitte. Har du skadar, er sjuk eller slit med å sitte på gulvet /underlaget er det ingen problem å sitte på ein stol.
Du vil få instruksjoner heile vegen om korleis du gjennomfører øvelsane, korleis du skal puste og kor du skal ha fokuset ditt.
Still med opent sinn, ver nysgjerrig og prøv om dette kan vare noko for deg.
Du er hjarteleg velkomen.
Inger-Lise
ILNW
Nysgjerrig?
Ta kontakt!
Private timar :
Eg tar også private timar, det kan vere deg åleine, ei gruppe med venner eller kollegaer. Dette kan vi avtale pr melding, mail eller telefon.
Eg underviser to plassar. Onsdagane er eg i Bømlohallen frå klokka 16-17. Andre dagar underviser eg i sjøbua eller Saltebua på Skjeret i Brandasund. Den ligg på Selsøy. Du køyrer Brandasundsvegen og tar av til venstre etter å ha køyrt over brua Tronko, skilt mot Skjeret landhandel.Det er 17 kilometer frå Svortland sentrum. Ca. 20 minutt med bil. Saltebua er svært stemningsfull, men der er uisolert. Det betyr at når eg anonsere yoga på Skjeret må du kle deg varmt og gjerne ha eit saueskinn under deg.
Du er di eiga fyrlykt
Tenn henne og skin
INGEN MYSTISK AKTIVITET
Yoga har sitt opphav i det menneske som ynskte å eksperimentere med ulike teknikkar for å føle seg helsemessig bra, lykkeleg og spirituell. Dei byrja å eksperimentere med energibalanse for heile 4000 år sidan. Yoga vart opent undervist og integrert i dagleglivet.
Det var ingen mystisk aktivitet.
Arbeidet til dei fyrste guruane vart basert på deira observasjon av energiflyten hos dei sjølve, effekten av ulike aktivitetar og haldningar som skulle balansere energien i kvart individ.
Alle former for yoga fokus der ein stimulerer og regulerer menneskeleg energi gjennom å finne essensen av bevisstheit, vert kalla Kundalini. Opprinneleg skulle studentane oppdage alle aspektar ved seg sjølv. Ein skulle gjennomføre dei fysiske øvingane, disiplinere seg mentalt, analysere og diskutere verden intellektuelt. Yoga var ein holistisk tankegang, som skulle fylle kvart nivå av menneskeleg eksistens. Etter kvart som åra gjekk byrja folk å dele opp dei ulike delane av yogaen i teknikkar. Dei ulike komponentane frå Kundaliniyogaen vart delt opp.
Nokon foretrakk berre øvelsane, og ignorerte mantraene, nokon gjorde mantra og meditasjonar utan kontroll over pusten. Over tid leia denne oppdelinga av den opprinnelege Kundalini læra til 22 forskjellige yoga skular. Berre eit lite dusin av desse yogaskulane eksisterer i dag.
Dei ulike formene yoga er i dag praktisert som, Karma Yoga, Bakti Yoga, Gyan Yoga, Hata yoga, Yin yoga, Raja yoga og Mantra yoga.
Karma yoga vert kalla friheit gjennom bevegelse. Bhagavad Gita var den som la vekta på ein type karma yoga. Her er Krishna den som følte ansvar for å fullføre sin skjebne, og ville ofre seg fullt og heilt for andre. Karma yoga skulle involvere endringar av haldningar og kjensler og endre våre handlingsmønster ved å redefinere motivasjonen vår.
Mantra yoga bruker lyd som sitt verktøy for mental forandring. Målet med mantra yoga er å slå saman endeleg bevisstheit med uendeleg bevisstheit. Med Laya og Mantra yoga vert sinnet ekspandert gjennom rytme , pust, lyd og mantra. Dette er den mest verknadsfulle, direkte metode å kunne bryte igjennom bevisstheita og inn til "egoet", som eit sverd ved bruk av pust og lyd. Denne metoden verkar best i grupper.
ILNW