ÅPNE DITT SINN

LYTT TIL NYDELEGE MANTRA


KVA ER EIT MANTRA?

Mantra tyder lydvibrasjon. Det er den kreative projeksjonen av sinnet gjennom lyd.

Man- tyder sinn (mind) og tran- (wave) tyder bølge eller projeksjon.

Vitenskapen om mantra er basert på kunnskapen om at lyd er ei form for energi som har struktur, kraft og ein definert effekt på chakraene våre og vår psyke.

KORLEIS VIRKAR EIT MANTRA? Eit mantra virkar gjennom ulike formuleringar av ord som påverkar den kjemiske balansen i hjernen vår. Krafta til mantra har med lydvibrasjonen eller lydbølgene å gjere. Den aukar merksemda vår gjennom orda si meining og den rytmiske repetisjonen. Det er ein fordel å knytte mantra opp mot pusten.


HAM

SAT NAM

Sanning er min identitet, vi vibrerer vår eksistens.

Dette mantraet er truleg det mest brukte i yogaverdenen. I Kundalini yoga er det mykje brukt. Det skal minne deg om din eigen eksistens. Sat tyder sanning, medan nam betyr identitet. Det vert framstilt som eit frø, som kan vekse til eit fullvoksent tre. Når ein chantar dette mantraet rører ein ved sjela vår og formar framtida eller skjebnen vår.

Under yogaøvelsane nyttar vi ofte SAT på innpusten, og NAM på utpusten. Mantraet er med på gje ro til tankane våre. 

Bevegelse, pust og mantraet sat nam gjer at hjerna får nok å konsentrere seg om. Det blir stille, du får ei pause frå alle tankar.

Ong Namo Guru Dev Namo

Adi Mantra

Intensjonen med dette mantraet er å skape en link mellom oss sjølv og vår høgare bevissthet slik at vi kan opne oss opp for erfaringa av Kundalini Yoga.

Ein bruker dette mantraet til starte timen, eller «tune» inn. På samme måten som ein startar ein skuletime med ein sang, startar vi ein yogatime med å chante. 

Fyrste gongen eg høyrte dette syntes eg det var ganske sært, men skjønte etter kvart at dette er ein god måte å samle tankane før ein byrjar yogatimen. 



Ek Ong Kar Sat Nam Siri Wahe 

Adi Shakti Mantra

Skaparen og alt som er skapt er eitt. Dette er vår sanne identitet. Dette mantraet kommuniserer med kroppens åttande energi senter. Desse åtte orda er "telefonnummeret" eller den direkte linja som set deg i kontakt med din skapar.

Den bygger ein relasjon mellom din energi og den universelle kreative energien. Mantraet er laga for å vekke kundalini energien og for å holde sinnet ditt lykkeleg.

Humee Hum Brahm Hum


Mantraet "Hummee Hum Brahm Hum" betyr "Vi er, vi er GOD".

Det fortel oss at vi er GUD. Det er spirituelt og skal klarne sjela sitt auge. Det har ei djupare meining. Lyden "Hum" er eit bij mantra, eller eit grunnleggande mantra som engelsk vert kalla eit "seed mantra". Frøet eller opphavet. Det vibrerer ved hjerte chakraet. 

Dette mantraet kan brukast for ein djup meditativ yogaøkt, eller for den gledesfylte lyden ein brukar under chanting er det som om hjartet blomstrar.

Prøvd det og la din eigen indre kraft synge.

Ad Guray Nameh



Aad Guray Nameh

Jugaad Guray Nameh

Sat Guray Nameh

Siree Guru Dayvay Nameh

Translation:

I bow to the primal Guru.

I bow to the Truth that has existed throughout the ages.

I bow to True Wisdom.

I bow to the Great Divine Wisdom.

Dette mantraet er for å verne deg. Det verkar som eit skjold og skal stimulere og skjerpe sinnet ditt slik at du unngår ulykker. Nokon trur at mantraet kan verke som ein beskyttelse før ein er ute å køyrer bil. Mantraet er også brukt for å tune inn før ein startar ei yogaklasse, dette for å beskytte sinnet sitt og unngå misforståingar




Har Mukanday

Mirabai Ceiba

HAR tyder - det som fjerner. Men det kan også bety GOD. I yogaverden er GOD  deg sjølv, di indre kraft. Om du er religiøs kan du bruke di eiga tru og den krafta du legg i det.

MUKANDAY tyder å kunne frigjere krefter i deg sjølv. Dette mantra kan frigjere deg frå boksar du har plassert deg sjølv i, eller til personar, hendingar eller ting du har bunde deg for mykje opp i mot.

Mantra skal hjelpe deg å lindre frykt, og skal gi deg energi til å fylgje hjartet ditt. I yogatimane mine vil du lære korleis du mediterer til dette mantra.