DINE TI "KROPPAR"

Dine ti kroppar

«Dersom du forstår at kroppen din er ti kroppar, og du vert klar over dei og held dei i balanse, vil heile universet vere i balanse med deg»

(Yogi Bhajan)

Kvifor er det viktig å kjenne til dei ti kroppene?

Fordi ein gjennom meditasjon og ulike yogaøvingar direkte kan påverke helsa vår.

For det meste tenkjer ein om seg sjølv med berre ein kropp, den fysiske og synlege kroppen. I beste fall som fysisk kropp og sinnet. Sanninga er at menneske er eit svært samansett vesen.

Dei fleste av oss har merka at opplevingar i livet kan påverke korleis vi kjenner oss i kroppen. Mange har av ulike grunnar fortrengt signal fra kroppen, kanskje også prøvd å setje lokk på kjenslene sine. 

Personar som har vore flinke til å lytte til kroppen sin 

har kunna merke at humøret eller stress kan virke inn på korleis ein kjenner seg i kroppen.

Er ein glad og fornøgd kjennes kroppen lettare, ein har mindre smerter eller fokus på smerter. Er ein trist og nedstemt kjenner ein lettare alle vondtar. Mange har nok kjent korleis stress verkar på kroppen, men sorg er også kjensler som påverkar oss sterkt, ein kan oppleve at kroppen for eksempel vert trøtt og tung som bly.

Nokon har hatt det tøft i livet sitt, og av ulike grunnar måtte stengt bort både signal fra kroppen og kjenslene.

I kundalini yoga trur ein at menneskekroppen er sett saman av ti kroppar.

Yogiar har via heile livet sitt til å finne ut korleis dei ulike kroppsholdningane har påverka oss. Kunnskapen vart formidla til neste generasjons yogiar. Den dag i dag er det yogiar som studerer kroppens mysterium.

Vi veit at vi har ein fysisk kropp, vi kan sjå , berøre og føle den. Vi har også organer som er like reèlle og like viktige som utsida av oss.

Dei ti kroppane avspeglar psyken sin kraftige kapasistet. Kvar kropp har spesifikke gåver som viser seg når dei er sterke, og syner tendensar på underskot når dei er svake. Trente yogiar kan kjenne kven av kroppane som er i underskot. DU kan styrke ein av kroppane ved å utvikle evna di til å identifisere kva organ som er utanfor balanse og deretter trene med ein passande teknologi for å styrke det.

Å bli kjent med dei ti kroppane gjev oss innblikk i vår kraftfulle psyke. Kvar kropp har si spesielle kraft, som syner seg tydeleg når den er sterk, og gjev visse signal når den er svak. Du blir prega av balansen din i dei ti kroppene. 

Guruer før oss hevdar at ubalanse i desse kroppane kan vere rota til sjukdommar som rammar oss i det vi kjenner som kropp og psyke.

Ved å styrke  og balansere dei ti kroppene, gjer vi oss sjølv ein stor teneste og det kan ha god helsegevinst.


  • 1.Den sjelelege kroppen
  • 2.Negativt sinn
  • 3.Positivt sinn
  • 4.Nøytralt sinn
  • 5.Den fysiske kroppen
  • 6.Glorien din
  • 7.Aura
  • 8.Den pustande kroppen
  • 9.Den subtile eller kjenslevare kroppen
  • 10.Den strålande kroppen
  • 11.Den ellevte kroppen tar opp i seg alle saman


Dei ti kroppane

  • 1.
  • Den fyrste kroppen kallar ein for den sjelelege kroppen. Har forbindelse med rotchakraet vårt. Det er der sjela vår sit. Dette er fundamentet i livet vårt og vårt sanne «jeg». Den gjev oss moglegheit til å leve frå hjartet vårt. Den sjelelege kroppen responderer på alle øvingar som involverer hjartet vårt og den er også med når ein arbeider med energien i spinalveska i ryggmargen. Øvingar som blant anna stimulerer dette er for eksempel å trene opp fleksibiliteten i ryggrada. Når sjela di er i balanse vil du vere audmjuk, men samstundes svært kreativ. Du vil kjenne deg avslappa og så trygg at du kan slappe av i ein «flow» av ein guddommeleg energi. Din GUD, din energi. Du vil oppleve at verden er vakrare og snillare. Sjela inneheld ditt avtrykk, den dannar ditt energifelt. Dersom din sjelelege kropp er svak vil handlingane dine fyrst og fremst kome frå hovudet ditt, ikkje frå hjartet. Ein kan ha ei kjensle av å sitte fast, vere låst og ute av stand til å handle etter intensjonane sine.

  • 2.
  • Negativt sinn. Din andre kropp er det negative sinnet. Vi finn det ved seksualorgana våre. Det negative sinnet er vår fyrste og ofte den sterkaste «kroppen». Den er stadig på vakt og søken i miljøet og i ulike situasjonar etter farer eller eit negativt potensiale. Det negative sinnet vårt sørger for at vi er trygge. At vi ikkje kastar oss ut situasjonar som er uheldige for oss. Det negative sinnet søker også etter å høyre til. Negativt sinn vert halde i sjakk ved å vere disiplinert og at ein beheld sin eigen integritet. Dersom ditt negative sinn er underutvikla kan din lengten etter «å høyre til» føre deg inn i destruktive forhold som øydelegg din indre guid og vegleiar. Du er ikkje nok knytta til ditt eige sentrum, og lar andre påverke deg i for stor grad. For å balansere det negative sinnet må du verdsette din eigen disiplin og målsetjingar. Vel bevisst relasjonar som er gode for deg, dermed kan du styrke det positivet sinnet.

  • 3.
  • Positivt sinn finn ein ved navlechakraet.  Det positive sinnet søker alltid etter å finne ut kva som kan vere til vår fordel, kva som er bra og kan gje oss god tilbakemelding. Denne sinnstilstanden leiter etter moglegheiter og gjev oss tilgang til å finne ressursar vi kan dra nytte av. Positivt sinn gjev oss viljestyrke like mykje som den gjer oss til leikande og utprøvande vesen. Ved å styrke navlepunktet vil ein auke sjølvtilliten, noko som er positivt for kroppen. Dersom det positive sinnet er svakt, er det som å ta ein dagleg dose gift. Du kan bli overvelda av påverknaden frå det negative sinnet som kan vere depressivt og paralyserande. Du er kan hende sint og intollerant, og undervurderer di eiga kraft, din eigen varme, fordi du er redd for ansvaret det bringe eller du er redd for å misbruke den. I tillegg til å styrke navlepunktet kan du bruke affirmasjonar. Dersom det positive sinet tippar over, bruk det negative sinnet til å kjøle deg ned.

  • 4.
  • Nøytralt sinn. Det er vår fjerde «kropp». Ein finn det nøytrale sinnet i hjertechakraet.Det nøytrale sinnet absorberer, vurderer og evaluerer meldingar frå det positive og negative sinnet. Den guidar oss til å ta dei rette avgjerslene. Det nøytrale sinnet er medfølande, intuitivt og gjev oss moglegheit til å kjenne att dragning mellom ulike polar. Meditasjon er svært bra for å balanserer denne kroppen. Informasjon frå den negative og positive kroppen tar oftast berre ni sekund. Det er eit svært intuitivt punkt, og den gjer deg tilgang til sjela di. Dersom din fjerde kropp er svak, har du vanskar med å ta avgjersler. Du har lett for å kjenne deg som eit offer fordi du ikkje veit korleis du skal integrere og fordøye opplevingane og finne noko som helst meining i dei. Det kan vere vanskeleg for deg å sjå meininga med det som skjer i livet ditt på jorda med dei store kosmiske skjema vi alle er underlagt. Å finne balansen gjer du best med å meditere.

  • 5.
  • Den femte kroppen er vår fysiske kropp. Hovudsetet finn ved halschakraet vårt.  Kroppen vår er tempelet der alle kroppane kviler på kvar sin måte. Den fysiske kroppen gjev oss moglegheit til å balansere oss sjølv og livet vårt. Likevel kan vi ofre oss for draumane våre, håp og eit større samfunn med høge intensjonar. Denne kroppen er hovudsetet for læraren i oss. Den som ynskjer å formidle kunnskap og glede. Den fysiske kroppen elskar regelmessig trening og å dele ting den nett har lært.

  • 6.
  • Den sjette kroppen er glorien vår. Hovudsete i det tredje auge. Det er ikkje berre Jesus og Budda som kan ha glorie. Den er blitt visualisert som ein strålande ring eller «halo» rundt hovudet. Den går frå øyreflipp til øyreflipp og føl hårrota over panna. Kvinner har ein sjette «glorie» over brysta. Den kan virke som ein beskyttelse og påverkar vår intuisjon. Den gjev oss høve til fokusere og meditere. Glorien vert påverka av øvingar som stimulerer hypofysen. Å sjå mot det tredje auge påverkar også glorien positivt. Du kan bruke intuisjonen frå det sjette senteret for å beskytte deg sjølv. Du kan manifestere ønsker for deg sjølv og andre. Mantraet I'am . I'am påverkar glorien din eller din «halo». Dersom denne delen er svak kan du vere overbeskyttande og lett å påverke.

  • 7.
  • Den sjuande kroppen er auraen din. Hovudsete i kronechakra. Det er det same elektromagnetiske feltet som omkransar kroppen din, som også omkransar jordkloda. Når denne delen er sterk verkar den som ein beskyttelse for livskrafta di, den tillater at du byggjer opp livskrafta di slik at du føler deg tilfreds og trygg. Det er frå denne posisjonen av tryggleik at du kan behandle andre med empati og at du kan gi andre personar som er rundt deg eit løft. Auraen din er beskyttelsen din, ditt skjold. Den kan tiltrekke seg positivitet og avvise negativitet. Den kan hjelpe andre ut negativitet og håplausheit. Dersom auraen din er svak kan du føle deg paranoid og ha dårleg sjølvbilete. Negativitet kan trenge seg frå den negative kroppen gjennom auraen din og inn i din fysiske kropp og skape sjukdom. All sjukdom går fyrst gjennom auraen din. Dersom du kan holde auraen din sterk, kan den i fylgje Bhajan halde sjukdom på avstand. Det er derfor kundalini yoga lærarar brukar kvite klede laga av bomull eller lin. Dei ynskjer å styrke auraen og sitt eige skjold.

  • 8.
  • Den åttande kroppen vert kalla den pustande kroppen. Den bringe livskraft og energi inn i systemet ditt. Den lar deg få vere fryktlaus, fullt levande og i eitt med skapelsesverket. Når din pustande kropp er sterk, og pusten din er djup og avslappa, kan ingen ting plage deg. Du har sjølvmotivasjon, og du har nok energi til å rekke måla dine. Sjukdom startar oftast med ein ubalanse i den pustande kroppen. Dersom din åttande kropp er svak vil du kunne kjenne på engstelse, og kronisk utmatting. Kanskje du prøver å få energi gjennom mat, alkohol eller andre stimuli. Ein kan også kjenne på frykt og oppføre seg defensivt og tilbaketrekt. Alle pusteøvingar vil balansere den åttande kroppen.

  • 9.
  • Den niande kroppen vert kalla for den subtile eller kjenslevare kroppen. Denne kroppen sin eigenskap er å kunne sjå igjennom overflata og avdekke det universelle spelet som kan oppstå mellom menneske eller ulike situasjonar. Når din kjenslevare kropp er sterk, er du sensitiv med ein kraftfull ro. Ingen ting i livet verkar som eit mysterium for deg. Du lærer fort, og meistrar ulike situasjonar lett. Du kan gå inn i eit rom og på få sekund intuitivt skjøne kva som føregår. Den kjenslevare og den sjelelege kroppen er intrikat knytt opp mot kvarandre. Den kjenslevare kroppen bær sjela under dødsprosessen. Dersom din niande kropp er svak, er du kanskje naiv og lett å lure. Du kan vere grov eller røff i tonen. Du kan vere rastlaus fordi du manglar freden som kjem ved å godta ting som dei er. Gjer meditasjonar og kriya jevnleg for å finne balanse.

  • 10.
  • Den tiande kroppen vert kalla den strålande kroppen. Den gjev deg sprirituell og royal utstråling. Styrken er at den gjev mot i møte med alle hindringar. Du vil ha ein magnetisk tilstedeværelse, og tar lett komandoen og yt respekt frå alle rundt. Du går inn i livet med ein «alt eller ingenting» holdning, og du gir alltid 110 prosent. Yogi Bhajan kalla den tiande kroppen for «one-plus» fordi det er sjela di pluss din strålande kropp som opererer i saman. Dersom du undervurderer din tiande kropp kan du lett bli konfliktsky. Du vil kanskje skygge unna andre folk si merksemd. Du vil føle deg ineffektiv og inkompetent, og har vanskar med å kome unna vanskelege situasjonar.

  • 11.
  • Den ellevte kroppen tar opp i seg alle dei ti kroppane. Det er her i frå alle mantra har sitt utspring. Når gud og menneske i deg er i unison balanse kan du kalle deg ein 11-ar. Du har ingen dualitet, du har ein guddommeleg visjon og sanninga strålar ut av deg. Du er ikkje avhengig av å finne alt utanfor deg sjølv, du er trygg i deg sjølv. Dei ti juvelane er i deg. Du er fornøgd og tilfreds. Du klarer å bruke bevisstheita di til å sjå det spelet som føregår på jorda. Du ser det som guds spel. Du kjenner att gud i alt. Du kan med viljen din dirigere spelet til alle dei ti kroppane. Du kan betrakte alt på ein objektiv måte og finne plass til den evige krafta som flyt igjennom deg heile tida. Dersom du føler at du misser di spirituelle kraft, blir du negativ, fanatisk, utan medkjensle og kan vere irriterande sjølvmedlidande. Å vere usjølvisk er eit mål i seg sjølv.

Balansering av dei ti kroppene

Med kundaliniyoga sine systematiske kriyar eller øvingar, vil ein lage balanse og aktivere dei ti kroppane. Derfor er det smart å ha ein regelmessig og fornuftig utøvelse av kriya som er spesialdesigna for å kunne arbeide med alle dei ti kroppene på ein gong. 

Dersom du er klar over at du har ein svakhet i ein eller fleire kroppar, og du ynskjer å fokusere på å styrke og balansere kroppane kan du ta kontakt på e-post, ingerlisenord@gmail.com