CHAKRA
Kva er chakra?
Chakraer er medvitsentre. Dei er knutepunktar for energi som har ein direkte, umiddelbar og djup effekt på vårt daglege liv. Det spesielle chakraet der mesteparten av kundalini-energien din fyrst og fremst er fokusert - eller polarisert og påvirkar di grunnleggande åtferd og holdning. Dei fleste av oss har eit chakraområde som dominerer oss.
Dette forholdet mellom åtferd og ditt dominerande chakra er nøkkelen fordi energi fungerer som ein magnet. Vi tiltrekk oss stadig vibrasjonar som har samme bølgelengde som chakraene vi opererer frå. Kundalini Yoga lar kundalini-energien flyte, balansere og koordinerer alle chakraene.
Kundalini Yoga tvinger ikkje kundalinienergien til å stige; den førebur kroppen til å la den stige slik at du kan oppleve høgare bevisstheit. Når denne balansen mellom chakraene oppstår, blir du svært "køyredyktig", du er i stand til å vere eit medfølande, bevisst og dyktig menneske.
Det sjuande chakra
Kronechakra
Det sjuande chakra vert lokalisert på toppen av hovudet, eller det som vert kalla kronechakra. Det vert kalla for auraenn vår, ca, 60 grader opp frå skulder til skulder. Når ein slappar av i augene og ser på ein person kan nokon skimte auraen hjå enkelte personar.
Når hjerna er i intens aktivitet stråler den ut energi. Utstrålinga er like sterk som utsrålinga til jordkloda. Ein kan sjølv merke utstrålinga som ein summande lyd.
Hjerna vår er følsom for særskilte lydbølger, gong lyd set i gang kraftige svingningar i hjerna. Nervane vert strekt til sitt ytterste. Under press av slike lydar har du to valg- la det stå til og overgi seg, eller å kontakte lyden og dra ut det meste du kan av opplevelsen. Å rømme mentalt frå gonglyd er umogeleg.
Å bøye hovudet framover gir auka blodgjennomstrauming til hjerna, noko som på verkar evna til fokus, oppmerksamheit, sirkulasjon og prana til det sjuande chakra, eller energifeltet. Det kan gje deg ein ny veg for openheit og styrke.
Med ulike pusteøvelsar, øvelsar og meditasjonar kan ein stimulere hjerna og pineal kjertelen eller epifysen som er på storleik med ei halv ert. Den produserer hormonet melatonin som er viktig for kroppen si døgnrytme.
Rene Descartes meinte dette var åstaden for sjela vår. Noko han meinte berre menneske hadde. I dag veit vi at også at dei fleste virvel dyr har pinealkjertelen.
Nokon trur at dette er området der intuisjonen vår ligg. Kontakta til vårt "høgar selv".
Fargen på dette chakra vert gjengitt i som fiolett.
Øvelsar som stimulerer dette området er:Ego Eradicator, Mahabanda, Sat Kriya. Konsentrasjon på nasetippen.
Tredje auge-Det sjette chakra
Det tredje auge ligg midt mellom augebryna, ca, ein centimeter opp forbi og ca. ein centimeter inn i panna di. Når vi let att auga ser vi inn mot hypofysen. Chakra er ikkje fysisk, men ein illustrasjon på eit kraftsenter. Energifeltet er knytta opp mot hypofysen, som utskille serotonin- ein nevrotransmitter som kan påverke sinnsstemningar. Personar som er deprimerte har som regel lavt serotonin nivå.
Hypofysen og området ovanfor kjertelen, hypotalamus, fungerer tett saman i reguleringa av kroppen sine hormon. Forbindelsen mellom dei to organa er viktig for ein normal hypofysefunksjon.
Hormona som vert produsert, blir skilt ut i blodet, og ført rundt til dei områda i kroppen kor dei har sin effekt. Hypofysen fungerer som ein "termostat" for de livsviktige funksjonane i skjoldkjertelen og binyrene, han regulerer også funksjonen av våre indre kjønnsorganer (eggstokkar og testiklar) og er av avgjerande betydning for kroppen sin vekst og utvikling.(NHI:NO)
Å arbeide med dette energisenterert opnar for visjonane våre, for intuisjonen.
Plagar som hovudpine og manglande konsentrasjon kan vere typisk når dette feltet er overbelasta.
Intuisjon, visdom og identitet
Det sjette chakra
Ajna
Ajna betyr å kommandere, eller å ta komando over eller å styre. Det er her personlegdomen din sit. Det er i dette område evna di til intuisjon vert utvikla. Her vil du finne den retninga du vil velge å gå.
Det er i dette området ein samlar det ein kundalini yoga kallar ida, pingala og sushmuna. Det er dette ein kallar dei tre elvene av indre energi som møtes i det tredje auge eller i Ajna chakra.
Det er i dette senteret ein kan oppleve nye perspektiv, ei ny djupne og eit nytt syn på verda. Eit visdommens auge som hjelper deg å sjå det du ikkje kan sjå med det "blotte auge".
Det sjette chakra gjev oss moglegheit til å meistre flommen av tankar og kjensler, og vert ofte representert som eit lysande indre lys. Nokon opplever dette lyset som ein visjon, eller ein større tanke. Eller det kan opplevast som mange sterke lyskjelder.
Å meistre sinnet
I det sjette chakra kan vi seie at evna til å meistre sinnet sin dualitet, eller splittinga av sinnet. Symbolet for dette chakraet er framstilt som to pedalar, eller vinger ut mot kvar side. Det representerer pluss-og minus sida, eller ja og nei sida.
Det som på eine sida ser lysande og vakkert ut, kan på andre sida vere mørkt og stygt. Desse to polaritetane er viktig å vere klar over. I meditasjon kan ein møte desse to sidene, er ein ikkje klar over det, kan ein lett bli forvirra og redd.
I midten av desse polane ligg ofte sanninga. faktisk har hypofysen også to sider. Kjertelen er delt inn i to deler, den fremre lapp og bakre lapp.
Forlappen består av endokrine celler og blodårer, og vert aktivert av hormon som vert sendt ut fra hypothalamus. Forlappen produserer sju ulike hormon.
Baklappen er ikkje hormonproduserande og består av nervefibre, gliaceller og blodårer, og er ein del av sentralnervesystemet.
Meditasjon kan påverke hormonane våre
Ved å chante "ONG" vil lyden på "ng" stimulere hulrommet som hypofysen ligg i. Vibrasjonen som lydar set i sving i kraniet vil stimulere hypofysen på ein positiv måte. Ved å chante for eksempel SA-TA-NA-MA vil hypofysen bli vekt og trigge eit høgare system i hjerna vår, nemleg pineal kjertelen.
Pinealkjertelen er det vi på norsk kallar epifysen.
Epifysen er ein hormonproduserande kjertel som ligg midt i hjernen. Epifysen er viktig i forbindelse med reguleringa av døgnrytmen. Epifysen mottar impulsar frå synsbanene via hypothalamus, samt frå den sympatiske grensestrengen.
Kjertelen sin funksjon hjå mennesket er ikkje fullstendig klarlagt. Den produserer eit hormon, melatonin, som er ein kraftig antioksidant, avleda av serotonin. Melatonin har ein klar sammanheng med døgnvariasjonar i aktivitet, også kalla cirkadiske rytmar, slik at vi blir trøtte om kvelden når produksjonen av dette hormonet er på sitt høgaste.
Fordi epifysen ligg i midten av hjernen, meinte den franske filosofen og hobby-anatomen René Descartes (1596-1650) at organet formidlet forbindelsen mellom kropp og sjel.
Halschakraet
Det femte chakraet ligg i halsen. Der ligg også skjoldbruskkjertelen vår. Skjoldbruskkjertelen er ein hormonproduserande kjertel som ligg framme på halsen vår, under strupehovudet. Kjertelen produserer hormonet tyroksin og trijodtyronin som regulerer stoffskiftet, og kalsitonin som er med å regulere innhaldet av kalsium i blodet.
I tillegg til halsen, er øverste del av lungene, armane, fordøyelseskanalen og skjoldbruskkjertelen med å regulere forbrenninga. Med ubalanse i dette systemet kan ein lide av ulike plager i halsen, stemmeproblem, nakke problem og ubalanse i skjoldbruskkjertelen.
VISHUDDHI
På sanskrit vert halschakra kalla Vishuddhi..
«Vishuddhi essentially means a filter. -Vishuddhi is one dimension, that we normally skip - if your energies are centered in Vishuddhi ,you start functioning in a different level of competence, that people around you think you're superhuman» YB.
Å vere eit supermenneske er kanskje eit litt grådig mål, men å bli den beste utgåva av seg sjølv er ikkje så dumt.
Ein er no komen i det øvertse triangelet, der dei tre siste chakraene sit. Det er vanleg å tenkje at det er her dei meir åndelege og mentale tilstandane sit. På sanskrit vert altså halschakra kalla Vishudda.
Elementet er eter- eller luft. Og fargen vert illustrert med blå. Når ein arbeider med dette energifeltet er det i hovudsak sanninga ein prøver å kome fram til, sanninga i seg sjølv, og til dei ein omgår. Det handlar om å lytte til si indre stemme og finne sitt autentiske sjølv.
Når halschakra er i ubalanse har ein ofte vanskar med å uttrykke seg sjølv, det er vanskeleg å vere ærleg og open. Ein blir ofte svært sjølvkritisk og tykkjer ofte at det ein seier er idotisk eller ein angrar på ting ein seier. Å ha ein viss indre kritiker som sorterer det som vert sagt er ikkje dumt, men om den indre kritikaren vert for streng teier ein heller still. Dermed kjem ikkje di stemme fram.
VER SANNFERDIG
Å våge å kome fram med tankar og kven ein er, er meir akseptert idag enn før. Likevel er det mange som er redde for å vere sannferdig, ein kan ha fått mykje kritikk i oppveksten, blitt gjort narr av, mobba eller utesteng for ting ein har sagt eller gjort. Prøv å legg merke til din indre dialog.
Kva held deg igjen?
Er din indre samtale hyggeleg og aksepterande, eller full av eigenkritikk og negative ord om deg sjølv?
Gjennom yoga og meditasjon kan ein kome til eit punkt der ein ristar av seg "alle dei kritiske røystene" og vågar å syne og stå for den ein er. Å "synge ut" er eit gamalt uttrykk for å seie ifrå om noko ein har holdt lenge inne. I yogaverdenen er vel og merke akkurat det å synge, noko ein gjer for å rense opp og skape balanse i dette chakraet.
Likevel skal det vere sagt at det også handlar om å lytte, til si eiga stemma, men også legge merke til andre si.
MANTRA
Å våge å fortelle andre kva ein føler er ein god veg til å finne seg sjølv. Kanskje driv du på med noko du eigentleg ikkje trives med. Kanskje du gjer ting berre for å tilfredstille andre? Mange bit i seg ting, og held att såre kjensler og energiar som treng luftast ut. Å synge er ein fantastisk måte å få løyst opp i det som bind oss fast i negative kjensler. Sang set i gang vibrasjonar i halschakraet og set i sving pusten på ein god måte. Å meditere rundt halschakraet kan vere med å opne opp halsen både mental og fysisk. Når ein ynskjer å gråte kjenner ein ofte ein klump i halsen, denne klumpen blir større når ein held att kjenslene. Under meditasjon mediterer ein på fargen blå og lar den blå fargen opne opp for pusten og kjenslene.
Med mantraet HAM, seier ein: Eg snakkar, eg vil uttrykke meg åpent og fritt.
AFFIRMASJONAR
Under meditasjon og avspenning kan ein nytte affirmasjonar som:
"Eg har begynt å stå opp og snakke for meg sjølv"
"Det eg har å seie er verdt å lytte til"
"Eg er glad for min eigenskap til å uttrykke meg sjølv og over min kreative måte å vere på"
"Eg lyttar på og erkjenner dei behov og ønske andre mennesker har"
"Eg snakkar alltid direkte frå hjartet"
"Mine tankar og ord er gjennomtenkte før eg uttalar dei"
"Stemma mi blir sterkare og meir overbevisande"
GOBINDAY MUKANDAY
Dette er eit mantra som kan opne opp på blokkeringar og vere med å reparere skadar frå fortida.
Det skal ha kraft til å rense vårt magnetiske felt, noko som skal gjere det enklare å slappe av og meditere. Det skal altså vere eit beskyttande mantra, eit ashtanga mantra med åtte delar. Ved sidan av å rense undeibevisstheita kan det balansere hemisfæren i hjerna. Det skal gi lidenskap og tolmod til den som mediterer på dette mantraet.
Gobinday, mukanday, udaray, aparay
Haeung, kareung, nirnamay, akamay
Vedlikehalde, frigjere, opplysande, uendeleg
Øydeleggjande, skapande, navnlaus, uønskeleg
Gå til sida "lytt til mantra" om du vil prøve det ut
.
HJERTECHAKRA- DET FJERDE CHAKRA
Hjertechakra punktet sit midt i brystet ved hjartet. Det er balansepunktet mellom det nedre og øvre triangel.
På Sanskrit heiter det Anahata. Den som dveler ved hjartet. Det styrande elementet er luft. Det representerer opninga av kjensler og lidenskap.
Symbolet for dette chakraet er eit triangel som peiker oppover, og eit triangel som peiker nedover, dei overlapper kvarandre og danner ei sekskanta stjerne. Det representerer balansepunktet i energistrømmane i kroppen symbolisert som møtepunktet mellom himmel og jord.
Dei tre nederste chakraene representerer evna til å kontrollere og styre impulsar.
Opninga av det fjerde chakra skjer når du byrjar å sjå og legge merke til deg sjølv slik andre ser deg, og når du kan sjå andre som like viktig som deg sjølv. Det er her ein byrjar å skjøne at "vi" verkeleg betyr noko. Når ein arbeider med dei tre fyrste chakraene vil ein merke at fokuset er på seg sjølv.
Det er viktig å oppdage seg sjølv, mange står på, arbeider mykje, står på for alle rundt seg og set seg sjølv til side og har lite eller inga tid til å falle til ro.
Andre igjen kan ha ein tendens til å oftast setje seg seg sjølv i sentrum og nokon gongar trakkar over andre.
Det er heller ikke bra å vere sjølvutslettande, og nokon kan havne i tilstandar av nummenheit med smerter i særleg nedre del av kroppen.
Så snart ein har arbeidd med det nedre triangelet, kan ein ta med seg kunnskapen vidare i å forstå dei høgare laga av seg sjølv.
Ved å opne hjerte chakraet, kan vi få eit nytt forhold til kjenslene våre. Den mest vanlege mistydinga av Hjarte chakraet er at du berre kan merke det når det opent. Ein kan merke når det er lukka, ein kjenner ikke tilknytning eller begeistring. Ubevisst kan ein kjenne kva kjensler ein har, og du kan faktisk dirigere dei. Nokon som elskar kvarandre har ofte veldig sterke impulsar og mykje lidenskap, i alle fall i starten av eit forhold, og forsegler denne kjærleiken slik ei mor eller ein far elskar barnet sitt.
Hjerte chakra gir oss evna til å bli rørt, og å røre. Kven har vel ikke blitt rørt av eit vakkert musikkstykke, ein god film, ei vakker tale eller ein nydeleg solnedgang?
Funksjonen til hjerte chakra handlar også om å setje grenser.
Hjertechakra og immunforsvar
Hjerte chakra vårt har sterk påverknad på immunforsvaret vårt, med direkte tilknytning til brisselen eller thymus. Thymus er eit avlangt organ som sitter i midtlinja rett bak brystbeinet mellom lungene våre. Det tilhøyrer lymfesystemet og immunsystemet i kroppen.
Det er mange forskjellige celletypar i i organet, blant anna thymus-epitelceller som flettar seg saman i eit nettverk av celler slik som ein også ser i for eksempel binyrene, lymfocytter eller thymocytter som kallast for T-celler.
Thymus er ein del av lymfesystemet, immunsystemet og spelar også ei rolle i det endokrine systemet. Thymus hjelper oss å nedkjempe infeksjonar og også å sørge for at dei infeksjonskjempande cellene og immunsystemet ikkje angriper oss selv.
Medisinar som for eksempel cellegift, infeksjonar og stress kan føre til tidleg innskrumping av thymus.
Hjartet chakra kan virke som ein sil som skjønar når noko ikke bør kome inn i oss, at det bør undersøkast og når noko er ein del av deg og kan sleppas igjennom.
Når hjerte chakra fungerer optimalt, veit kroppen korleis den kan sleppe nokon inn i hjartet ditt og skape gode forhold.
Mantra for å styrke hjertechakra
Ein av lydane ein bruker for stimulere hjertechakra er "hum". Som betyr "vi". "Humee hum brahm hum" kan også opne hjertechakra og kan aktivere relasjonen vidare til det femte chakraet.
Når du chantar mantra fra hjarte senteret blir det styrka av lufta som vibrerer gjennom sangen, vibrasjonar som påverkar deg i forhold til jorda du står på og lufta du puster i. Mantra verkar som ein stille mental repetisjon.
Når du involverer navlechakraet under chantinga, vil det verke som om heile universet vibrerer saman med deg, som om du kan stige inn i det.
Du treng ikke kunne synge for å chante, tvert om. Du prøver berre å følge lydbølgene med det tonefallet og den styrken du har. Mantraene vert gjentatt og gjentatt så mange gangar at det til slutt vil gå på autopilot. Du vil merke at lyden og vibrasjonen fra stemma di og dei andre si vil løfte deg. Det er svært vakkert å delta i ei slik form for mental trening.
Stimulering av hjertechakra gjennom pusten
Hjertechakra vert også stimulert ved bruk av pust - prana. Alle blokkeringar i diafragma eller mellomgolvsområdet kan forstyrre pustemekanismen dramatisk og påverke hjartet ditt. Dette er lett å merke på personar som slit med angst, pusten blir rask og overflatisk og det kan kjennest som trykk eller smerte over hjartet.
Bruk av alle former for kontrollert pust-pranayam har sterk påverkningskraft på dette senteret.
ROTCHAKRA-DET FYRSTE CHAKRA
Det fyrste chakraet ligg ved rota av ryggrada, derav namnet-rotchakra. Det er i dette området ein finn kundalini energien. I all form for yoga er det denne energien vi forsøke å finne. Eit tre står støtt og godt når røttene går djupt ned i jorda der det finn næring.
Skal vi ha eit stødig fundament er det her vi kan hente fram styrken vår. I dette området vi også frykta vår, dersom vi brukar rett teknologi vil vi kunne både rense og styrke rota vår.
Eg har sjølv erfart korleis jamnleg trening av dette området kan minske uro, bekymring og engstelse.
Når vi arbeider med beina og samstundes har fokus på rotchakraet vil vi lettare kunne «jorde» oss. Du har nok høyrt uttrykket å vere jordnær, i denne samanhengen handlar det om å finne den rette balansen ved å styrke mage, bekken og bein.
Kundalini yoga vil hjelpe deg å rense opp i blokkeringar i energibanene, effekten vil du også merke psykisk ved at sjølvtilliten aukar. Du vil begynne å elske og akseptere deg sjølv, slik du er. Det vil igjen føre til at du aksepterer verden som den er.
Du vil lettare kunne få overblikk, verte oppmerksam og kunne snu deg tilbake og reflektere over om det du på førehand tykte var så vanskeleg eigentleg var så mykje å bekymre seg over.
Ved å arbeide bevisst med chakraene, vil du oppdage at det vert enklare å flyte med.
Dei tre fyrste chakraene er nært knytta opp mot kvarandre. Saman utgjer den nedre trekanten. Alle har med utskilling å gjere, å kvitte seg med død energi og avfallsstoff.
GJE SLEPP PÅ FRYKT OG TVIL
Mange er redd for forandring, og det fyrste chakraet handlar kun om forandring, om å løyse opp vår stivbeintheit, og lære å bli meir fleksible. Det er derfor dette chakraet er sterkt bunde opp mot det å vere avhengig. Avhengigheit er basert på frykt, ei total frykt for å leve, for å føle.
Frykt finnes i oss alle. Den er ein del av livet, av det å vite at ein dag skal vi alle dø. Vi kjem aldri til å misse frykta heilt,derfor treng vi å vite korleis vi skal klare å hamle opp med den på ein best mogleg måte. Vi må lære å erkjenne den, akseptere den, gjenkjenne den, inrømme den - og deretter gje slepp på den.
(Frå boka til Maya Fiennes - Yoga-ein livsstil)
I yoga og meditasjon vil ein måtte stå ansikt til ansikt med smerte, ubehagelege kjensler og urolege tankar. Vi har mange metodar i kvardagen for å rømme i frå dette ubehaget, dessverre innhentar det oss i form av for eksempel muskelsmerter eller andre sjukdomar.
Det er gjort enormt mykje forskning på yoga og meditasjon, dei fleste forskningsrapportar seier at det er svært bra for oss å meditere. Andre igjen åtvarar, og seier at det kan framkalle angst. Dette trur eg kan skje om ein startar rett på meditasjon utan å nytte den kunnskapen og teknologien bla. kundalini yogiane har kome fram til.